Preservation: Act 1 er eit konseptalbum frå 1973 av engelske rockegruppa The Kinks. Det er det 11. studioalbumet deira.
Preservation fekk nokså dårleg kritikk då det kom ut og selde dårleg. Det nådde 177. plassen på Billboard 200. Konsertutgvene fekk langt betre omtale. Somme av dei nyare meldingane av Preservation: Act 1 har vore langt meir sympatiske, slik som AllMusic og Stephen Thomas Erlewine, som meinte «Sweet Lady Genevieve» var ein «verkeleg kandidat til Davies sitt gløymde meisterverk».
I 1991 gav Rhino ut ei dobbel CD-utgåve som kombinerte Preservation: Act 1 og oppfølgjaren frå 1974, Preservation: Act 2, men utan bonusspor. Men «Money & Corruption/I Am Your Man» inneheld ein ekstra solo.
I 1998 vart Preservation: Act 1 gjeven ut på CD på Velvel med singelversjonane av «Preservation» og «One of the Survivors», som ikkje var på den originale vinylutgåva. Den sistnemnde nådde 108. plassen på Billboard Pop Singles.
Kulturelle referansar Refrenget frå «Money and Corruption» vart ytta av hackergruppa Anonymous då dei gjekk til åtak på statlege nettsider under verdsmeisterskapen i fotball i 2014.Hackaråtaket
Innhald
Medverkande The Kinks Ray Davies - vokal, gitar, munnspel Dave Davies - gitar, vokal John Gosling - klaverinstrument John Dalton - bass Mick Avory - trommer med: Alan Holmes - brass Laurie Brown - brass John Beecham - brass Krysia Kocjan, Lee Pavey, Lewis Rich, Pamela Travis, Sue Brown - korsong Teknisk Dave Davies, Roger Beale - lydteknikar Pat Doyle - kunstnarisk leiar Chris Hopper - fotografi
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Preservation: Act 1» frå , den 24. april 2018. oppgav desse kjeldene:
Kategori:The Kinks-album Kategori:Musikkalbum frå 1973 Kategori:Musikkalbum frå 1974 Kategori:Rockeoperaer Kategori:Konseptalbum Kategori:RCA Records-album Kategori:Album produserte av Ray Davies