Lars Bremnes () er ein norsk musikar (gitarist og tenorsaksofonist) og låtskrivar, bror av Ola Bremnes og Kari Bremnes som han har samarbeidd med ved fleire høve. Dei er fødde i Svolvær, som barn av Ole H. Bremnes.
Lars Bremnes leidde frå 1991 sitt eige band med Terje Johannesen, Georg Buljo, Helge Harstad og Anders Engen, som vart nominert til Spellemannprisen 1994 for Stjernesukkertøy. Han har hatt stor suksess med melodiane Fiolinan og Å kunne æ skrive.
Saman med Ola og Kari fekk han Spellemannprisen 2000 i klassen «viser og viserock» for albumet Soløye. For albumet Hjertekaptein med eigne melodiar, vann han Spellemannprisen 2006 i klassen viser. Han fekk Prøysen-prisen 2009 saman med broren Ola. Lars Bremnes er gift med Marianne Bremnes, og dei har to barn.
Verk søskentrioen, Ord fra en fjord, med tekstar av faren Ole H. Bremnes, Spinner, 1992 Lars Bremnes Band, Stjernesukkertøy, 1994 Lars Bremnes Orkester, Søndag, EMI 1997 Boarding nu, eigne melodiar, EMI 1999 søskentrioen, Soløye, Kirkelig Kulturverksted 2000 Røverkistebunn, eigne melodiar, Kirkelig Kulturverksted, 2002 Hjertekaptein, eigne melodiar, Kirkelig Kulturverksted, 2006 søskentrioen, Mit navn er Petter Dass, 2008 Stayer, 2008 Himmel nok tel alle, eigne melodiar, 2015 Kjelder Denne artikkelen bygger på «Lars Bremnes» frå , den 3. mai 2009,; det er gjort tillegg og endringar seinare.
Bakgrunnsstoff larsbremnes.no
Kategori:Norske musikarar Kategori:Folk frå Vågan Kategori:Vinnarar av Spellemannprisen Kategori:Vinnarar av Prøysenprisen