Christoffer Torris Olsen () er ein norsk politikar for Venstre. Han var Venstre sin førstekandidat og blei vald inn i Frogner bydelsutval for perioden 2011–2015. Olsen er generalsekretær i foreningen Digitalt personvern.

Utdanning Christoffer gjekk fyrst på Oslo Montessoriskole. Vidare gjekk han på musikklina på Manglerud vidaregåande skule, og han spelar bass. Der var han ansvarleg for Manglerudrevyen i 2003 og 2004.

Organisasjonsliv

Christoffer Torris Olsen var styremedlem i Oslo Unge Venstre frå 2005, og nestleiar i fylkeslaget frå 2007. Han var landsstyremedlem i ungdomspartiet frå 2006. Han var nestleiar i Norges Unge Venstre for perioden 2008–2009. Han har òg vore nestleiar i Frogner/Majorstuen Venstre.

Christoffer Olsen var òg medlem av landsstyret i Forbundet Unge Forskere frå februar 2003 til februar 2005.

Bakgrunnsstoff

Christoffer Torris Olsen sin nettstad

Kategori:Politikarar frå Oslo Kategori:Venstrepolitikarar Kategori:Norske ungdomspolitikarar