Kaspar og Kasper er mannsnamn av persisk opphav. Dei kjem frå Gaspar som er avleidd frå det gamle kaldeiske ordet gizbar som betyr 'skattmeister'. Namnet er kjent frå tradisjonen om dei tre vise menn som ifølge Juleevangeliet vitja Jesusbarnet, og er utbreidd med mange former i den kristne verda. Kasper har namnedag den 6. januar i Sverige og Polen og den 9. mai i Noreg. 9. mai har også Caspar namnedag i Danmark.

Variantar av Kasper er italiensk Gaspar, engelsk Casper, polsk Kacper, ungarsk Gáspár, latvisk Kaspars, tysk Jasper og nordisk Jesper.

Namneberarar Kaspar, ein av dei tre vise menn/heilage tre kongar Kaspar Aquila (1488-1560), tysk bibelomsetjar Johan Caspar de Cicignon (ca. 1625-1696), dansk-norsk general, ingeniør og byplanleggar Casper Herman Hausmann (1653-1718), dansk-norsk general Caspar Wessel (1745-1818), norsk matematikar Caspar Kauffeldt (1773-1843), norsk glasblåsar Caspar David Friedrich (1774-1840), tysk målar Johan Caspar Herman Wedel-Jarlsberg (1779-1840), norsk politikar Kasper Sund (1848-1907), norsk stortingsmann Bo Kasper Sundström (1961-), svensk musikar Gaspar Noé (1963-), fransk filmregissør Kaspar Villiger, sveitsisk politikar

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Kasper» frå , og «Casper (name)» frå den 9. mai 2009.

Kategori:Mannsnamn Kategori:Førenamn av persisk opphav Kategori:Namn knytte til yrke Kategori:Namn knytte til kristendommen