Kirkhelleren er ei stor naturleg hole på øya Sanna i Træna kommune. Ho er 45 m djup, 20 m brei og 30 m høg, og har vorte danna ved haverosjon. Ein har funne spor etter menneskjeleg aktivitet frå både steinalder og jernalder i hola.

Kvar sommar under Trænafestivalen vert Kirkhelleren også brukt som konsertlokale fordi ho har ein naturleg god akustikk. I 2008 spelte både Damien Rice og Kings of Convenience i Kirkhelleren.

Kjelder Store Norske Leksikon om Kirkhelleren

Bakgrunnsstoff

Kategori:Geografi i Træna Kategori:Grotter i Nordland Kategori:Hellerar i Noreg Kategori:Kulturminne i Træna Kategori:Arkeologiske stader i Noreg