Russland, offisielt Den russiske føderasjonen, er eit land i det austlege Europa og nordlege Asia. Storleiken er 17 075 200 km² og folketalet 142,9 millionar ved folketeljinga i 2010."Vserossijskaja perepis naselenija 2010" - Folketeljinga i Russland 2010 Den noverande staten Russland oppstod 25. desember 1991 som den største etterfylgjarstaten til den oppløyste Sovjetunionen.
Russland er det største landet i verda i areal, det strekkjer seg frå grensa mot Noreg og Finland i nordvest til Beringsundet i nordaust, frå grensene mot Baltikum, Belarus og Ukraina i vest, austover tvers gjennom Asia til grensa mot Nord-Korea og det nordlege Stillehavet. Russland er såleis både eit europeisk og eit asiatisk land, den geografiske grensa mellom verdsdelane blir vanlegvis rekna å gå langs fjellkjedene Ural og Kaukasus.
Politisk er Russland ein asymmetrisk føderasjon, det vil seie at dei 84 føderasjonssubjekta, som føderasjonen er bygd opp av, har ulik grad av sjølvstyre. Størst sjølvstyre har dei 21 republikkane, som opphavleg vart oppretta som sjølvstyrte einingar for etniske minoritetsgrupper. Hovudspråket russisk er eit av dei indo-europeiske språka.
Geografi Russland er det største landet i areal i verda, og omfattar nesten ein tredel av det eurasiske kontinentet. Grensa mellom den europeiske og asiatiske delen av landet går ved fjellkjeda Ural. Den europeiske delen, vest for Ural, utgjer om lag 23 % av arealet. Den asiatisk delen, aust for Ural, vert òg kalla Sibir. Det nordlegaste punktet i Russland, Kapp Fligeli på øygruppa Frans Josefs land ligg på 81°51’ nord. Det austlegaste punktet, på den vestlegaste av dei to Diomedesøyane, ligg på 169°0’ aust, tre kilometer frå amerikansk territorium på den austlegaste av Diomedsøyane. Det sørlegaste punktet ligg ved grensa til Aserbajdsjan, og det vestlegaste ved grensa til Polen. Russland strekkjer seg 4000 kilometer frå nord til sør, og 10 000 kilometer frå vest til aust.
Russland si grense er 60 933 kilometer lang, derav er 38 808 kilometer kystlinje. Russland har grenser mot Noreg (196 km), Finland (1340 km), Estland (294 km), Latvia (217 km), Belarus (959 km), Litauen (281 km, gjennom eksklaven Kaliningrad oblast), Polen (232 km, det same), Ukraina (1576 km), Georgia (723 km), Aserbajdsjan (284 km), Kasakhstan (6846 km), Kina (3645 km), Mongolia (3485 km) og Nord-Korea (19 km). Landet har kyst til Austersjøen og Svartehavet i vest, Nordishavet i nord og Stillehavet i aust.
Som det største landet i verda omfattar Russland mange ulike landskapstypar, og stor geografisk variasjon. I den europeiske delen, og vest i Sibir, ligg store sletteland. Enorme område består av taiga og tundra. Store delar av landet har permafrost. Store fjellområde finn ein i Ural, aust i Sibir og i Kaukasus ved sørgrensa i Europa.
Russland er eit av landa som har grense til den største innsjøen i verda, Kaspihavet. I Russland ligg den djupaste innsjøen i verda, Bajkalsjøen, det høgste fjellet i Europa, Elbrus, den lengste elva i Europa, Volga og den største innsjøen i Europa, Ladoga. Fire av dei ti lengste elvene i verda renn gjennom den asiatisk delen av Russland: Jenisej, Ob, Amur og Lena. Den største øya i Russland er Sakhalin utanfor austkysten.
Hovudstaden er Moskva. Politisk er Russland delt inn i 83 føderasjonssubjekt: republikkar, distrikt, territorium og provinsar.
300px|ingen|mini|Kart over Russland. Klikk for større utgåve.
Klima
Klimaet i Russland har eit rykte på seg for vere ekstremt kaldt. Likevel har store delar av landet ein gjennomsnittleg dagtemperatur over 20 °C om sommaren, og ein kan til og med få enkelte hetebølgjer. Torebygene vert sjeldan kraftige bortsett frå i fjellområda og på dei sørlege steppene. Ein kan ha periodar med lett regn eller snø over store delar av landet, og sjølv om periodane kan vare ganske lenge kjem det sjeldan store mengder. Dei einaste stadane som har ein normal årsnedbør over 1000 mm er kysten av Stillehavet og enkelte stasjonar i fjellet.
Den europeiske delen av Russland ligg langt nok vest til at maritim luft frå Atlanterhavet stundom kan påverke vêret. Aust for Uralfjella, i den asiatiske delen av landet, oppstår det ei enorm og kald luftmasse ut på hausten, som vert liggande til ut på våren. Det er dei lågareliggande områda som merkar denne kulda mest, og i åssidene kan temperaturen vere så mykje som 20 °C varmare. Likevel vil dei fleste områda av Sibir kome under -40 °C kvar vinter, og enkelte stader kan bli mykje kaldare. Den store temperaturskilnaden mellom aust og vest, gjer at moskovittar like gjerne kan dra vestover som sørover for å finne varmare forhold. Heile landet er kaldt nok til at det kan dekkast av eit 30 cm snødekke, som vert liggande heile vinteren. Våren kjem fort på og i løpet av april og mai er det meste av snøen borte. Bortsett frå på den arktiske kysten og i dei austlege områda, kjem mesteparten av nedbøren om sommaren i form av regnbyer.
Historie
Opphav, Kyivriket og invasjonar frå aust Steppene i dagens Russland blei tidleg folkesette av grupper som blant anna skytarar. Seinare slo greske kolonistar seg ned rundt Svartehavet og førte med seg impulsar frå den klassiske verda. I folkevandringstida blei òg det seinare Russland invadert av nomadar som avarane og hunarane. Nokre seinare danna khazarane eit rike i nordlege Kaukasus.
Frå 500-talet kom slavarar frå Sentral-Europa, og i løpet av dei neste par hundreåra blei dei gradvis den dominerande folkegruppa i vestlege Russland. Frå midten av åttehundretalet dominerte skandinaviske vikingar vassvegane i vestlege Russland og Ukraina. Krøniker frå denne tida fortel at ein Rurik skal ha blitt konge i Novgorod rundt 860, og etterkomarane hans ekspanderte sørover til Kyiv og flytta maktsentrumet dit. I løpet av dei neste par hundreåra var Kyivriket dominerande i Aust-Europa.I det ellevte og tolvte århundre ble slaverne invadert av tyrkiske folkegrupper som kiptsjakene og petsjenegene. Senere ble de tyrkiske rikene invadert av mongolene. Mongolene dannet staten Den gylne horde, som kontrollere mesteparten av Russland i tre hundre år.
Storfyrstedømet Moskva Storfyrstedømet Moskva var det mektigaste av statsdanningane som hadde eksistert under den gylne horden. Dominansen til Moskva auka gradvis, og rivalar som Tver og Novgorod blei etter kvart innlemma i riket. Mongolane (eller tatarane, som dei etter kvart blei kjende som) blei òg gradvis drivne tilbake, og Ivan III («den store») firedobla territoriet til Moskva på andre halvdel av 1400-talet. Ivan tok tittelen «storfyrste over alle russarar», og bygde Kreml i Moskva.
I 1547 blei Ivan IV («den grufulle») krona til tsar. Ivan innførte ei rekkje reformer, med opritsjnina som den mest radikale. På 1600-talet ekspanderte Moskva-riket austover og danna koloniar i Sibir og ved Stillehavet.
Moskva-riket under Romanov-dynastiet Frå 1613 til 1917 var riket styrt av Romanov-dynastiet. Samfunnet var patriarkalsk og sterkt rangdelt, med liten grad av fridom. Størstedelen av folkesetnaden var rettslause landarbeidar som levde under styret til godseigarane. Dersom eit gods blei selt, følgde gardarbeidarane automatisk med som eigedom. Loven om at gardsarbeidarane låg under godseigarane (liveigenskap) blei avskaffa i 1861, men sjølv om folka blei frie, levde dei framleis eit svært hardt liv. Dei fleste var analfabetar, og hadde ofte vanskar med å skaffa nok mat.
På 1800-talet stod Russland fram som ei av dei leiande maktane i Europa og verda. Sigeren over Napoleon og den etterfølgjande russiske okkupasjonen av Paris var eit høgdepunkt for russisk stormakt. Russland ekspanderte på denne tida òg transkontinentalt med Det russisk-amerikanske kompaniet, men det russiske festet på det amerikanske kontinentet ende då Alaska blei selt til USA i 1867.
Det vaks òg fram betydeleg indre opposisjon, ikkje minst av agrar-populistisk karakter (narodnikane) og tidlege sosialistiske opposisjonsgrupper rundt dei nye fabrikkbyane. Mykje av motstanden mot tsar-styret var derimot religiøs og tilbakeskodande, og var vendt mot vestleggjeringa som starta med Peter den store (1682-1725).
Svakheitene til Russland blei stadig tydelegare på 1900-talet. Nederlaga i den russisk-japanske krigen i 1904 utløyste eit revolusjonsforsøk som blei slått ned i St. Petersburg i januar 1905. Deltakinga på Ententen si side mot Tyskland og sentralmaktene i den fyrste verdskrigen viste kor svakt samfunnet var. I februar 1917 gjorde militærstyrkar, arbeidarar og bønder opprør, og tsar Nikolaj II blei tvinga til å abdisera. Dette styrka motsetningar og oppløysinga av samfunnsmaskineriet. Det blei sett in ei mellombels regjering i Petrograd (St. Petersburg), men denne makta ikkje å avslutta krigsdeltakinga. Dette la grunnlaget for oktoberrevolusjonen same året, då bolsjevikane tok makta. Tsaren og familien hans blei haldne fanga av bolsjevikane, før dei blei likviderte natt til 17. juli 1918 i Jekaterinburg.
Sovjetunionen Gjennom andre trinn i Den russiske revolusjonen kom kommunistane under leiing av Vladimir Lenin til makta 7. november 1917 (oktober etter den ortodokse kalenderen landet nytta då). Dei slutta øyeblikkeleg fred med Tyskland i Brest-Litovsk, ein fred som innebar at store delar av vestlege Russland mellombels kom under tysk kontroll. Etter at kommunistane sigra i den russiske borgarkrigen frå 1918 til 1922, blei Sovjetunionen etablert. Etter revolusjonen erklærte Finland sjølvstende, og kontrollen over landet gjekk tapt, saman med randstatane Estland, Latvia og Litauen, som erklærte sjølvstende i 1918.
Ein krig med Polen frå 1919 til 1921 blei avslutta med Riga-freden, og fastsette nye grenser for landet i vest. Dei delane av det gamle tsarriket som var dominerte av andre folkegrupper enn russarar, fekk no status som eigne sovjetrepublikkar, formelt likestilte med Den russiske sovjetiske føderative sosialistrepublikken (RSFSR), men reelt avhengige av og fullt underlagt den russisk-dominerte Sovjetunionen frå 1923. RSFSR utgjorde av folketalet og over 70 prosent av landarealet i Sovjetunionen, og russarar hadde dei fleste leiarposisjonane i partiet.
I åra rundt 1930 klarte generalsekretæren til kommunistpartiet Josef Stalin i den interne maktkampen etter at Lenin var død i 1924 å utmanøvrera moglege konkurrentar blant partifellane. Ei storstild industrialisering gjennom femårsplanane omvandla landet raskt til ei industrimakt. Det blei gjennomført landbruksreformer (kollektivisering) med tilbakeslag på grunn av tørke og organisatoriske feilgrep. Eit system av tvangsarbeids- og fangeleirar blei formalisert i 1930 i Gulag, som fram til Stalin døydde i 1953 hadde 14 millionar fangar i leirer og 4-5 millionar i koloniar.Robert Conquest in Victims of Stalinism: A Comment, Europe-Asia Studies, årg. 49, nr. 7, 1997, s. 131: «We are all inclined to accept the Zemskov totals (even if not as complete) with their 14 million intake to Gulag 'camps' alone, to which must be added 4-5 million going to Gulag 'colonies', to say nothing of the 3.5 million already in, or sent to, 'labour settlements'. However taken, these are surely 'high' figures.» Under Moskvaprosessane i 1937-39 blei all opposisjon reinska av vegen, og Stalin etablerte eit personleg diktatur.