Pic de Néouvielle er eit fjell i Néouvielle-massivet i Pyreneane i Frankrike. Fjellet har ei høgd på 3091 meter over havet.

Fjellet ligg i kommunen Saint-Lary-Soulan i departmentet Hautes-Pyrénées og ligg på grensa mellom Pyreneane nasjonalpark og Néouvielle nasjonalpark. Namnet Pic de Néouvielle kjem frå nèu vielha, som tyder 'gammal snø' på oksitansk. Innbyggjarane i Vallée d'Aure kallar fjellet la montagne d'Aubert.

Fjellet har fire kløfter, der det ligg nokre små isbrear. Mellom dei går skarpe granittryggar. Sørsida av fjellet er ein 400-500 meter høg vegg som dominerer over den djupe dalen ved Lac de Cap-de-Long. Pic Ramougn ligg på austryggen av fjellet.

Den første kjende klatringa av Pic de Néouvielle vart gjort 10. juli 1847 av Vincent de Chausenque og guiden Bastien Teinturier.

Bakgrunnsstoff Pic de Néouvielle på SummitPost

Kategori:Fjell i Frankrike Kategori:Pyreneane