Txindoki eller Larrunarri er eit fjell på 1346 meter over havet i Goierri i Gipuzkoa, i regionen Baskarland i Spania. Fjellet vert stundom kalla «Baskarland sitt svar på Matterhorn» på grunn av pyramideforma.
Fjellet ligg heilt vest i Aralar-fjella og er eit symbol for Goierridalen. Det tårnande fjellet ligg nord for byen Amezketa. Den bratte nordsida og Muitzedalen er dei villaste delane av Txindoki. Nord- og sørsida er tydeleg avgrensa av ein kalksteinsrygg som går frå aust til vest over toppen. Dei bratte sidene av ryggen er populære hos fjellklatrarar.
Bakgrunnsstoff Offisiell turistside om Goierri Bilete av Txindoki SummitPost: Txindoki
Kategori:Fjell i Baskarland Kategori:Fjell i Spania Kategori:Gipuzkoa