Sykkylven kyrkje er ei firekanta arbeidskyrkje på Aure i tettstaden Sykkylven i Sykkylven kommune i Møre og Romsdal fylke. Kyrkja er frå 1990 og bygd i betong og teglstein. Ho har ein frittståande klokkestopul. Arkitekt for bygget var Oskar Nordervald. Kyrkja fekk ein pris ved Nordisk kyrkjebyggarkonferanse i Bergen i 1992.

Inventaret er frå byggeåret eller seinare. Kyrkja har har kring 800 sitjeplassar. Kyrkja har særleg god akustikk og vert difor ein del brukt til konsertar.

Det er kyrkjegard ved kyrkja.

Den førre Sykkylvskyrkja brann ned 2. februar 1983. Ho var frå 1883.Om Sykkylven kyrkje på nettstaden kulturnett.no

Kjelder Om kyrkja på nettstaden til Sykkylven kommune Visitasmelding for Sykkylven og Ikornnes sokn 2009 Redaktør: Alf Henry Rasmussen – Våre kirker : norsk kirkeleksikon. Vanebo Forlag, Kirkenær 1993. ISBN 82-7527-022-7 - «Sykkylven kyrkje, Aure», s. 299

Referansar

Bakgrunnsstoff Om Sykkylven kyrkjelyd på nettstaden til Den norske kyrkja Kart frå 1979 som viser kyrkjestader og soknegrenser, på nettstaden til Universitetet i Bergen «Kirkebøker, Møre og Romsdal» på nettstaden til Arkivverket

Kategori:Arbeidskyrkjer Kategori:Kyrkjer i Austre Sunnmøre prosti Kategori:Kyrkjer i Sykkylven Kategori:Oskar Nordervald Kategori:Norske kyrkjer frå 1990 Kategori:Kulturminne i Sykkylven