Sunnmørsprisen var ein litteraturpris som vart oppretta av Sundmøre frilynde Ungdomssamlag i 1953 og lagt ned i 2011. Prisen vart delt ut årleg og skulle gå til forfattaren av ei bok som i innhald og form er mellom det beste som vart gjeve ut på nynorsk det året. Med i vurderinga var skjønnlitterære bøker på nynorsk frå alle forlag. Lærebøker og omsette bøker kom ikkje inn under prisen. Statutta sa mellom anna at forfattaren måtte skriva eit rikt og levande nynorsk språk og at boka skulle ha eit innhald som er tilgjengeleg for folk flest. Ein forfattar kunne få prisen berre ei gong. Om to eller fleire bøker stod likt kunne prisnemnda også leggja vekt på det forfattaren hadde skrive tidlegare. Prisen var på 10 000 kroner.

På årsmøtet for Sunnmøre Frilynde Ungdomssamlag i 2011 vart det vedteke å legge ned prisen. Føremålet til Nynorsk litteraturpris ligg nær opp til Sunnmørsprisen. Årsmøtet såg ikkje trong for to så like prisar.

Prisvinnarar 1953 - Ragnvald Vaage for Den vonde draumen 1954 - Jan Magnus Bruheim for Ord gjennom larm 1955 - Åsta Holth for Kornet og freden 1956 - Eirik Vandvik for Blant gudar på Olymp 1957 - Halldis Moren Vesaas for Utvalde dikt 1958 - Alfred Hauge for Kvinner på Galgebakken 1959 - Arthur Klæbo for Farlige fjell 1960 - Pål Sundvor for Fangen er fri 1961 - Trygve Bjørgo for Vokstergrunn 1962 - Ragnvald Skrede for Frå kjelde til sjø 1963 - Johannes Heggland for Bronsesverdet 1964 - Ingebjørg Kasin Sandsdalen for Guds lampe 1965 - Knut Hauge for Kross og kvitsymre 1966 - Sigmund Skard for Haustraun 1967 - Anna Sandnes og Anna Skeide 1968 - Olav Berkaak 1969 - Marta Schumann for Korset under skuggefjellet 1970 - Ingebjørg Mælandsmo for Olea Grøger 1971 - Olav H. Hauge for Spår vinden 1972 - Aslaug Høydal for Prest i såldet 1973 - Ivar Orgland for Nattstill fjord 1974 - Edvard Hoem for Kjærleikens ferjereiser 1975 - Alf A. Sæter for To i storm 1976 - Magnus Buflod for Før frosthegget fell 1977 - Bjarne Østbø for Vindfall 1978 - Åse-Marie Nesse for Nomadesongar 1979 - Fredrik Heitkøtter for Frå Breheim til Mjøsstrand 1980 - Ragnar Ulstein for Småsamfunn i storkrig 1981 - Marie Takvam for Eg har røter i jord 1982 - Tor Obrestad for Sjå Jæren, gamle Jæren 1983 - Bjarne Rabben for Folk ved havet 1984 - Lillian Clausen Mangerøy for Elisabeth 1985 - Åse Gruda Skard for Liv laga 1986 - Signe Seim for - her budde ein gong eit barn 1987 - Jul Haganæs for Myrkegangsdalen 1988 - Sigurd Muri for Arvegods 1989 - Ikkje delt ut. 1990 - Hermann Starheimsæter for Han gjorde det 1991 - Oddgeir Bruaset for Folket langs Storfjorden 1992 - Jon Tolaas for Nattkino 1993 - Kolbjørn Hauge for Heit juice 1994 - Rune Belsvik for Dustefjerten og den store marsipanfesten 1995 - Jon Fosse for Melancholia 1 1996 - Ikkje delt ut. 1997 - Erna Osland for Det sjette grepet 1998 - Ikkje delt ut. 1999 - Merima Maja Brkic for Stans denne natta og Vekk meg 2000 - Finn Øglænd for Dei penaste jentene på TV 2001 - Carl Frode Tiller for Skråninga 2002 - Ragnar Hovland for Norske gleder 2003 - Are Kalvø for samla forfattarskap. 2004 - Brit Bildøen 2005 - Olaug Nilssen 2006 - Ingelin Røssland for Handgranateple 2007 - Frode Grytten for novellesamlinga Rom ved havet, rom i byen 2008 - Lars Petter Sveen for novellesamlinga Køyre frå Fræna

Bakgrunnsstoff Om Sunnmørsprisen på nettstaden til Sundmøre frilynde Ungdomssamlag (Web Archve) Jul på Sunnmøre 2011

Kategori:Nedlagde litteraturprisar Kategori:Norske litteraturprisar Kategori:Nynorske litteraturprisar Kategori:Sunnmøre Kategori:Prisar og utmerkingar skipa i 1953 Kategori:Prisar og utmerkingar nedlagde i 2011 Kategori:1953 i Noreg Kategori:2011 i Noreg