Ford Motor Company er ein bilprodusent som vart grunnlagt av Henry Ford i Highland Park i Michigan i 1903. Den første fabrikken låg i Detroit i USA, men Ford har no fabrikkar og samarbeidspartnarar i alle verdensdelar. Ford produserer personbilar, varebilar og lastebilar.
Bilmerke eigd av Ford Edsel Lincoln
Bilmerke delvis eigd av Ford Aston Martin Lagonda (15% frå Februar 2007) Mazda (13% frå nov. 2008Ford Sells Mazda Shares to Raise Operating Capital, Carseek, 18/11-2008.) Mercury («Sovande» merke)
Tidlegare bilmerke eigd av Ford Land Rover (selt til det indiske føretaket Tata Motors i desember 2007 Tata Motors completes acquisition of Jag, Land Rover, Reuters.com.) Volvo (personbilar) (seld til det kinesiske føretaket Geely Dahl, C.A., Volvo solgt til kinesiske Geely, Aftenposten.no, 28/3-2010.)
Traktorproduksjon I perioden 1917-1986 produserte Ford traktorar. I Europa vart merkenamnet Fordson nytta fram til 1964 og deretter FordH.L. Brock og R.N. Pripps, The big book of Ford tractors, Voyageur Press, 2006.. I Nord-Amerika vart merkenamnet Fordson nytta frå 1917 til 1928 og frå 1939 vart Ford nytta. I 1986 vart traktoravdelinga skild ut frå moderføretaket og lagt saman med FiatAgri, som i 1999 vart til New Holland.
Referansar
Kategori:USA-bilmerke Kategori:USA-amerikanske bilprodusentar Kategori:Skipingar i 1903 Kategori:Tidlegare traktorprodusentar