Frode Aga () er ein norsk kokk. Aga driv til dagleg Restaurant Hallingstuene på Geilo i lag med kona si.

Aga byrja karrieren sin på Maurset Hotel på Hardangervidda i tenåra. Her jobba han som gardsgut og kjøkenhjelp i skuleferiane, og vart så fascinert av kokkeyrket at han heldt fram med det i tida som fylgde.

Etter endt kokkeutdaning har han mellom anna vore kokk og kjøkensjef på Engebret kafé i Oslo og Sunnfjord Hotel i Førde. I 1988 starta han drifta av Restaurant Hallingstuene på Geilo, som han og kona har drive sidan.

Aga har delteke i fleire TV-program om mat, mellom anna Fra loft til kjeller og Kokkekamp på NRK. I tillegg har han i fleire år vore fast gjest på Morellfestivalen på Lofthus i juli. Aga er også kjend som ein stor humorist.

Verkliste

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Frode Aga» frå , den 21. desember 2016.

Kort biografi om Aga på nrk.no

Kategori:Norske kokkar Kategori:Folk frå Kvam