Hofors kommun er ein kommune i Gävleborgs län i Sverige. Kommunen grensar til fire kommunar i Dalarnas län, Falu kommun og Säters kommun i nord, Avesta kommun i sør og Hedemora kommun i vest. Administrasjonssenteret i kommunen er Hofors.

Landskapet i kommunen er kupert og skogkledd i vest, medan det er flatare i aust. Det er mange vatn i kommunen. Hofors ligg i Bergslagen, og har ein del malmførekomstar. I kommunen ligg det eit stort og moderne stålverk, samt ein del mekaniske verkstader.

Administrativ historikk Torsåkers socken vart ein landskommune då kommunalforordningane i Sverige i 1862 tredde i kraft. Denne vart i 1925 delt i to, Hofors og Torsåker. Desse vart slegne saman att til Hofors kommun ved kommunereforma i 1971.

Kommunevåpenet Blasonering: På gullfarga bakgrunn, ein svart blome med åtte runde kronblad.«I fält av guld en svart blomma med åtta runda kronblad».

Dette våpenet vart fastsett av kongen så seint som 1968 etter det eldre regelverket. I 1974 vart det registrert i Patent- och registreringsverket etter det nye. Kronblada i våpenet skal symbolisere stål, som mellom anna vert brukt til å lage kulelager.

Tettstader Det er to tettstader i Hofors kommun.

Tettstadene i tabellen er ordna etter innbyggjartal per 31. desember 2005. Administrasjonssenteret er utheva.

Nr. Tettstad Folketal 1. Hofors 7 021 2. Torsåker 873

Kjelder «Hofors kommun» på Wikipedia på svensk. «Hofors» på Store Norske Leksikon.

Fotnote

Kategori:Kommunar i Gävleborgs län