Spellemannprisen 1979 vart delt ut i februar 1980 i Chateau Neuf i Oslo. Den 90-år gamle komponisten og valsekongen Reidar Thommesen fekk heidersprisen frå juryen dette året, og musikaren Pete Knutsen fekk diplom som spesialpris. Dette året vart det for fyrste og einaste gong delt ut pris i klassen «kor-plate». I tillegg var klassane «pop» og «rock» attende igjen, og som året før vart det delt ut to prisar i open klasse. Det vart ikkje delt ut nokon pris for beste barneplate. Arve Tellefsen var programleiar under utdelinga.

Vinnarar Klasse Artist Tittel Pop Anita Skorgan Ingen vei tilbake Rock Pål Thowsen Surprise Folkemusikk/gammaldans Bjørgum/Berg/Kvifte/Stubseid Slinkombas Jazz Bjørn Alterhaug Moments Klassisk musikk/samtidsmusikk Oslo Trio Felix Mendelsohn og Frank Martin komposisjoner Kor-plate Bergen Domkantori Folketoner i glass og ramme Visesong Jan Eggum En sang fra vest Open klasse Det Norske Teatret Så lenge skuta kan gå Open klasse Jon Eikemo Leser Jacob Sande Spesialpris: heiderspris frå juryen Reidar Thommessen Garden of Memories Spesialpris: diplom Pete Knutsen

Kjelder Nettstaden ifpi.no

Kategori:Spellemannprisen Kategori:1980 Kategori:Musikk i 1979 Kategori:Musikk i 1980