Spellemannprisen 2006 blei delt ut i Chateau Neuf i Oslo laurdag 27. januar 2007. Vamp blei kåra til Årets spellemann, og Åge Aleksandersen, Bjørn Eidsvåg og Sissel Kyrkjebø fekk heidersprisen frå juryen dette året. Dei fekk prisen for den langvarige karrieren deira og prisen blei overrokke av finansminister Kristin Halvorsen. I forkant av utdelinga framførte dei tre songen til Erik Bye; «Anna Lovinda». Bransjeprisen gjekk til Stargate som har markert seg som låtskrivarar og produsentar for norske og internasjonale artistar.
Prisutdelinga blei overført direkte på TV 2 og blei leia av Harald Rønneberg og Thomas Numme. Dette var den 35. Spellemannpris-utdelinga og dette året var det ein ny rekord i nummeret på påmeldte bidrag. Då påmeldingsfristen gjekk ut, var det 608 påmeldingar (inkluderer alle sjangerklassane og musikkvideo). Førre rekord var på 568 bidrag frå Spellemannprisen 2005.
Prisen for «årets musikkvideo» blei delt ut dagen før, fredag 26. januar, på programmet Fredag på TV 2 og gjekk til Marit Larsen. Prisen blei overrekt av den internasjonalt kjente musikkvideoregissøren Reinert Olsen (kjent som «Ray Kay») på link frå Hollywood.
Vinnarar Klasse Artist Tittel Kvinneleg artist Marit Larsen Under the Surface Mannleg artist Thomas Dybdahl Science Popgruppe Minor Majority Reasons To Hang Around Elektronika Lindstrøm It's a Feedelity Affair Samtidsmusikk Grex Vocalis og KORK Arne Nordheim: Draumkvedet Rock 120 Days 120 Days Blues Rita Engedalen Heaven ain't Ready for Me Yet Country Ila Auto If You Keep Pickin' it Might Never Heal Metal Enslaved Ruun Hip hop Darkside of the Force El dia de los puercos Folkemusikk/gammaldans Kvarts Steinsprang Danseorkester Scandinavia Alle mann til pumpene Jazz Atomic Happy New Ears! Klassisk musikk Marianne Thorsen/TrondheimSolistene Mozart: Violin Concertos Viser Lars Bremnes Hjertekaptein Open klasse Hanne Hukkelberg Rykestrasse 68 Barneplate Jul i Svingen (Diverse artister) Jul i Svingen Årets nykomar 120 Days 120 days Årets hit Espen Lind, Kurt Nilsen, Alejandro Fuentes og Askil Holm «Hallelujah» Årets musikkvideo Marit Larsen «Don't Save Me» Årets spellemann Vamp Bransjepris Stargate Heidersprisen frå juryen Åge Aleksandersen, Bjørn Eidsvåg og Sissel Kyrkjebø
Kjelder Nettstaden ifpi.no
Denne artikkelen bygger på «Spellemannprisen 2006» frå , den 8. juni 2009.
Kategori:Spellemannprisen Kategori:Musikk i 2006 Kategori:Musikk i 2007 Kategori:Kultur i 2007