Valderøytunnelen er ein undersjøisk tunnel på riksveg 658 i Ålesund og Giske kommunar i Møre og Romsdal. Tunnelen går under Valderhaugfjorden mellom Hovset på Ellingsøya og Ytreland på Valderøya. Tunnelen er 4222 meter lang, når 137 meter under havet, og største stigning er 8,5 %. Valderøytunnelen blei opna i 1987. Saman med Ellingsøytunnelen gav den ferjefritt vegsamband mellom Ålesund og Valderøya i Giske kommune, og dermed også ferjefritt samband til Ålesund lufthamn, Vigra på Vigra.

Tunnelen var ein bomveg, bomstasjonen stod på Kverve på Ellingsøya. Bomperioden skulle opphavleg vare i 15 år, men på grunn av økonomiske problem hos tunnelselskapet, vart perioden forlenga til 22 år. Bompengeperioden opphøyrde i november 2009, og det er no gratis å bruke tunnelen.

Det er ikkje tillate for fotgjengarar og syklistar å ferdast i Valderøytunnelen.

Sjå også Ellingsøytunnelen Giskebrua Alnestunnelen Vegtunnelar i Noreg Undersjøiske vegtunnelar i Noreg

Kjelder

Bakgrunnsstoff The World's Longest Tunnel Page

Kategori:Tunnelar i Møre og Romsdal Kategori:Undersjøiske tunnelar Kategori:Samferdsle i Ålesund Kategori:Samferdsle i Giske Kategori:Byggverk i Ålesund Kategori:Tunnelar opna i 1987