Skaun kyrkje, også kalla Ven kyrkje og Venn kyrkje, står på Venn i Skaun kommune i Trøndelag fylke, og er ei steinkyrkje frå kring 1180. Kyrkja er godt bevard og murane og opningane har ikkje vore gjennom store ombyggingar eller endringar. Det viktigaste inventarstykket er Skaun-antemensalet frå kring 1250.
Kyrkja er soknekyrkje i Skaun kyrkjesokn i Orkdal prosti i Den norske kyrkja.
Bygget mini|venstre|Kyrkja sett frå søraust. Dei utvendige måla for kyrkjeskipet er 16,5 x 13,1 m. og for koret 7,35 x 9,2 m. Kyrkja har fire portalar; mot vest, nord og sør i skipet, og mot sør i koret. Dei mest forseggjorte er vest- og sørportalen i skipet. Inni kyrkja er bogen mellom skipet og koret ein enkel spissboge med utstikkande vederlagssteinar. Steinhoggararbeidet er av høg kvalitet og på portalane er det steinhoggarmerke (personlege signaturar steinhoggarane sette på arbeida sine) som også har vortne funne på Nidaorosdom-oktagonen. Anten har det vore steinhoggarar frå Nidarosdomen i Skaun, eller så er portalsteinen hoggen til i Trondheim og frakta til Skaun.
I skipet er det to vindaugsopningar på kvar av langsidene (nord- og sørsida) og i koret er det vindauge mot nord, aust og sør.
Inventar mini|venstre|Alteret med antemensalet frå kring 1250 og altertavla frå 1773. Alterfrontal Skaun-antemensale er i unggotikk frå kring 1250 og er ein av svært få altarfrontalar som er bevard i kyrkja si. Det har Maria møy med Jesubarnet som motiv.
Altertavle Altertavla er i frå 1773 og er ibarokkstil. Ho har nattverden og krossfestinga som motiv.
Preikestol Preikestolen er skoren av Ole Biltsnider i 1665. Årstalet 1665 står på baldakinen over preikestolen.
Døypefont Døypefonten er frå 1980 og er i tre.
Orgel Kyrkja har eit mekanisk pipeorgel frå 1981. Det har 16 stemmer og er laga av Bruno Christensen og Sønner.
Kyrkjeklokke Det er ei klokke i kyrkja, ho er frå 1754. På henne står det å lese: «Gid denne klokke saa for kirkens folk maa lyde, at de af Guds ord maa forbedringsfrugter yde.»
Referansar
Bakgrunnsstoff
Skaun kyrkjelege fellesråd
Arkivverket: Prestegjeld og sogn i Sør-Trøndelag
Kategori:Freda bygg i Trøndelag Kategori:Kyrkjer i Orkdal prosti Kategori:Kyrkjer i Skaun Kategori:Langkyrkjer i Nidaros bispedømme Kategori:Norske kyrkjer frå 1100-talet Kategori:Norske steinkyrkjer frå mellomalderen Kategori:Kulturminne i Skaun