Osmund Faremo () var ein norsk arbeidarpartipolitikar, motstandsmann og målmann. Han vart vald inn på Stortinget frå Aust-Agder i fem periodar, frå 1965 til 1985. Han var vararepresentant i periodane 1958–1961 og 1961–1965. Faremo var ordførar i Bygland kommune i periodane 1958–1959 og 1963–1966, og varaordførar i 1962–1963.

Faremo var fødd i Hylestad i Aust-Agder. Under krigen slutta motstandsmannen Faremo seg til Milorg. I februar 1943 vart han arrestert av Gestapo og etter kvart send til konsentrasjonsleirar i Tyskland og Austerrike, som såkalla Nacht und Nebel-fange. Faremo vart sett fri med Dei kvite bussane, og gav i 1987 ut boka Takk for livet, Emil, om tida i fangenskap.

Osmund Faremo tok initiativet til å skipe Løvebakken Mållag i 1974, og var formann i laget frå 1978 og fram til og med 1985. Han var formann i Norsk-Jugoslavisk Samband og Venner av Israel i Norsk Arbeiderbevegelse (VINA).

Han var far til politikaren Grete Faremo.

Stortingets presidentskap

11. oktober 1977–30. september 1981 Sekretær i Lagtinget

Stortingskomitéar 1981–1985 medlem i Forsvarskomitéen 1977–1981 medlem i Kommunal- og miljøvernkomitéen 1977–1981 medlem i Valkomitéen 1973–1977 nestformann i Administrasjonskomitéen 1973–1977 medlem i Valkomitéen 1969–1973 sekretær i Kommunal- og miljøvernkomitéen 1969–1973 sekretær i Kommunalkomitéen 1969–1973 medlem i Valkomitéen 1965–1969 varamedlem i Valkomitéen 1965–1969 medlem i Kommunalkomitéen

Utmerkingar Faremo mottok Kongens fortenstmedalje i gull i 1993. Han fekk Ordenen av det jugoslaviske flagget med stjerne og vart i 1970 tildelt DDR sin æresmedalje for kamp mot fascismen. I 1998 fekk Faremo Forsvarsforeningens medalje. I 1979 var han heidra med målpris frå Bygland Mållag og i 1981 fekk han heidersteikn frå Norske Kommunars Sentralforbund. I 1987 vart Faremo kåra til «Årets Setesdøl».

Bakgrunnsstoff Stortinget.no - Biografi

Kategori:Stortingsrepresentantar 1965-1969 Kategori:Stortingsrepresentantar 1969-1973 Kategori:Stortingsrepresentantar 1973-1977 Kategori:Stortingsrepresentantar 1977-1981 Kategori:Stortingsrepresentantar 1981-1985 Kategori:Stortingsrepresentantar for Aust-Agder Kategori:Stortingsrepresentantar frå Ap Kategori:Ap-ordførarar i Aust-Agder Kategori:Ordførarar i Bygland Kategori:Folk frå Valle Kategori:Folk frå Bygland Kategori:Målfolk