Lars Barmen () er ein norsk kokk frå øya Barmen i Selje kommune i Sogn og Fjordane.

Barmen fekk interesse for matlaging allereie som ung gut. Etter fullført kokkeskule i Åndalsnes, gjekk han to år i lære ved Alexandria Hotel i Molde. Etter denne tida opparbeida Barmen seg ei rekkje kokkestillingar. Han vart m.a. kjøkensjef ved Gastronomisk institutt i Stavanger, soussjef på restaurant Bagatelle i Oslo i 5 år og var medlem av det norske kokkelandslaget i 12 år.

I 1997 vart Lars Barmen kåra til årets kokk for sin innsats for faget. Barmen har med tida vorte kjend som TV-kokk, særleg gjennom sitt eige TV-program, Barmeny. Han har også vore kokk for radioprogrammet Nitimen på NRK P1.

Bibliografi Bøker

I bøker - eit utval

Bakgrunnsstoff Intervju med Lars Barmen på scanfactmedia.com Store Norske Leksikon om Lars Barmen. Om Lars Barmen på Selje.info

Kategori:Norske kokkar Kategori:Forfattarar frå Selje Kategori:Norske matskribentar Kategori:Norske sakprosaforfattarar