Dengfeng er eit byfylke i provinsen Henan i det sentrale Kina med om lag 630 000 ibuarar (overslag 2005).Introduction to Dengfeng , official website of Dengfeng Government, vitja 12. april 2008. Eit stort aluminiumssmelteverk ligg i byen.
Byen ligg ved Song Shan, eit av dei fem heilage fjella i Kina. Dette er eit historisk viktig område ved den nedre delen av Huang He-elva, mellom storbyane og dei historiske hovudstadene Luoyang og Zhengzhou.
Verdarvstad I 2010 tok UNESCO fleire stader i Dengfeng med på verdsarvlista si under tittelen «Historic Monuments of Dengfeng in 'The Centre of Heaven and Earth'». Verdsarvstaden omfattar fleire historiske portar, tempel, eit konfutsiansk akademo og Gaocheng-observatoriet: Gaocheng astronomicske observatorium Huishan-tempelet Qimu Que-porten Shaolinklosteret med sin pagodeskog Shaoshi Que-porten Songyang-akademiet Songyuepagoden Taishi Que-porten Zhongyuetempelet Fawangtempelet
Det zen-buddhistiske klosteret Shaolin Dengfeng er vidkjend for si historiske rolle i utviklinga av den kinesiske kampsporten wushu (betre kjend som kung fu), ettersom det buddhistiske Shaolin-tempelet ligg i dette distriktet (berre 13 km nordvest for byen). Munkeklosteret Shaolin er òg kjent som fødestaden for zen-buddhismen. Zen-buddhismen er i dag særleg utbreidd i Japan.
Det astronomiske observatoriet Guanxing Tai Om lag 15 km sørvest for Dengfeng ligg det astronomiske observatoriet Guanxing Tai på tempelanlegget Zhougong Miao. Dette er det eldste observatoriet av sitt slag i heile Kina. Det noverande observatoriet går attende til 1276, men det var observatorium her heilt attende til dagane åt Zhou-dynastiet.
Astronomen Guo Shoujing (1231–1314) konstruerte observatoriet i 1276, i byrjinga av Yuan-perioden. Observasjonene herifrå bidrog til å setja Guo Shoujing i stand til å utvikle ein kalender som samsvarar godt med dagens gregorianske kalender. Berekninga hans av den tida det tek jorda å gå kring sola bomma med berre 26 sekund.
Kjelder
Delar av denne artikkelen bygger på «Dengfeng» frå , den 6. juli 2018.
Kategori:Byar i Henan Kategori:Verdsarv i Kina