mini|Akademiske klede og diplom ved Institute of Technology Carlow i Irland.

Akademia er ein kollektiv term for studentar og høgtutdanna folk som driv med høgare utdanning og forsking.

Ordet «akademia» kjem frå engelsk og latin , og er avleidd frå Akademiet skipa av Platon i Athen, som vart namngjete som eit senter for lærdom. Lærestaden heldt til i eller ved ein olivenlund vigd visdomsgudinna Athene med namn etter den tidlegare eigaren Akademos, ein attisk helt.

Akademia har kome til å bety den kulturelle akkumulasjonen av kunnskap, det vil seie utviklinga og overføringa av denne frå generasjon til generasjon. På 1600-talet vart termen popularisert i Storbritannia og Frankrike til å skildre visse typar institusjonar for høgare utdanning.

Ein akademikar er da vanlegvis ein person som arbeider som forskar og/eller lærar ved eit universitet eller ein høgskole. Vedkomande har nesten alltid ei høgare akademisk utdanning sjølv.

Sjå òg Akademisk grad

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Academia» frå , den 28. juni 2009.

Kategori:Samfunnsgrupper Kategori:Utdanning Kategori:Engelske ord og uttrykk