Storfregattfugl (Fregata minor) er ein vidt spreidd sjøfugl i fregattfuglfamilien. Store hekkekoloniar av denne arten finst i Stillehavet inkludert Galapagosøyane og Indiahavet, i tillegg til ein populasjon i Sør-Atlanteren.
mini|venstre|Storfregattfuglegg
Storfregattfugl er ein lettbygd, stor fugl, opptil 105 cm lang, og med overvegande svart fjørdrakt. Arten viser kjønnsdimorfisme; hoer er større enn vaksne hannar og har kvitfarga hals og bryst, og skulderfjøra hos hannen har ein lillagrøn glans. I hekkesesongen vil hannen blåse opp ein raud strupesekk.
Arten lever av fisk som dei tar i flukt frå havoverflata, oftast flygefisk, og medmerkar i kleptoparasittisme, men sjeldnare enn andre fregattfuglar. Dei finn føda i pelagiske farvatn innanfor 80 km frå hekkekolonien eller kvileområde.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Great Frigatebird» frå , den 1. juli 2009.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Fregattfuglfamilien