Ávjovárri valkrins (nordsamisk: Ávjovári válgabiire, bokmål: Ávjovárri valgkrets) er ein valkrins ved Sametingsvala i Noreg frå og med valet i 2009.Lov om Sametinget og andre samiske rettsforhold (sameloven). på nettstaden lovdata.no Krinsen vert også kalla valkrins 2. Stemmerett i krinsen har dei som er busette der og er innførte i manntalet til Sametingsvalet. I 2017 var det 3 738 personar som var registrerte i manntalet i området.
Krinsen femner kommunane Karasjok, Kautokeino og Porsanger.
Ved valet i 2017 vart det vald inn åtte sametingsrepresentantar frå krinsen.Mandatfordelingen. Sametinget. Henta frå https://www.sametinget.no/Valg/Valgordningen-og-valgkretsene den 25.2.2019. Sametinget skal til saman ha 39 representantar.
Krinsordninga ved Sametingsvala vart endra framfor valet i 2009. I staden for dei 13 krinsane ein nytta ved Sametingsvala i 1989, 1993, 1997, 2001 og 2005, er det frå 2009 sju krinsar.«Ny valgordning» på nettstaden til Det norske sametinget Ávjovárri valkrins tilsvarar dei to tidlegare krinsane Karasjok valkrins, som tilsvarte Karasjok kommune, og Kautokeino valkrins som tilsvara Kautokeino kommune, i tillegg til Porsanger kommune som tidlegare var del av Porsanger valkrins.Sametingsvalget 2009: «Ávjovári válgabiire/Ávjovári valgkrets» på nettstaden til NRK Sameradioen
Parti og vallister som stilte til Sametingsvalet i 2017 i Ávjovárri valkrins Desse partia og vallistene stiller til Sametingsvalet i 2017 i krinsen.
Árja Ávjovári Johttisápmelaččaid listu Arbeidarpartiet Fastboendes liste Fastboendes liste på Sametinget Framstegspartiet Høgre Nordkalottfolket Norske Samers Riksforbund Samefolkets parti Sámieana Senterpartiet Sosialistisk Venstreparti Šiella
Referansar
Bakgrunnsstoff FOR 2008-12-19 nr 1480: Forskrift om valg til Sametinget på nettstaden lovdata.no Sametingsvalget 2009 – Rundskriv om endringer i valgbestemmelsene i sameloven og forskrift om valg til Sametinget på nettstaden til Den norske regjeringa
Kategori:Finnmark fylke Kategori:Sametingsval Kategori:Valkrinsar i Noreg