Cree-montagnais-naskapi (også omtalt som cree) er ei kjede av algonkinske dialektar eller nærskylde språk som blir tala av 117 410 menneske i Canada og 100 i Montana i USA. Ein skil mellom ni ulike dialektar eller språk (grannespråka er innbyrdes forståelege, men har ulik ortografi, mellom språka heilt i aust og vest er det problem å forstå kvarandre):

DialektBlir tala i Prærie-cree (engelsk Plains Cree) British Columbia, Alberta, Saskatchewan, Northwest Territories, Montana Skog-cree (engelsk Woods Cree) Saskatchewan, Manitoba Myr-cree (engelsk Swampy Cree) Saskatchewan, Manitoba, Ontario Elg-cree (engelsk Moose Cree) Ontario Nordleg aust-cree (engelsk Northerm East Cree) Quebec Sørleg aust-cree (engelsk Southern East Cree) Quebec Naskapi (engelsk Naskapi) Quebec Atikamekw (engelsk Atikamekw) Quebec Innu eller montagnais Quebec, Newfoundland

Viktige dialektskilnader Det er vanleg å skilje dei ni dialektane frå kvarandre på grunnlag av utviklinga av proto-algonkinsk *r (Leonard Bloomfields *l); merk at skog-cree stort sett har ð, bortsett frå eit område lengst vest i Saskatchewan, som har r:S. 8–10 i: H. Christoph Wolfart 1973. Plains Cree: A grammatical study. (Transactions of the American Philosophical Society. New Series–Vol. 63, Part 5.) Philadelphia: The American Philosophical Society.S. xx–xxii i: C. Douglas Ellis 2000. Ê-ililîmonâniwahk. Spoken Cree. West Coast of James Bay. Vol. 1, Level I. Edmonton: The University of Alberta Press.

DialektUtviklinga av proto-algonkinsk *rOrd for ‘innfødd’ Prærie-cree (engelsk Plains Cree) yiyiniw Skog-cree (engelsk Woods Cree) ð / θiðiniw/ithiniw Myr-cree (engelsk Swampy Cree) nininiw Elg-cree (engelsk Moose Cree) liliniw Nordleg aust-cree (engelsk Northerm East Cree) yīyiyiw Sørleg aust-cree (engelsk Southern East Cree) yīyiyū Naskapi (engelsk Naskapi) yiyyū Atikamekw (engelsk Atikamekw) ririniw Vest-montagnais (engelsk Western Montagnais) līlnu Aust-montagnais (engelsk Eastern Montagnais) ninnu

Kjelder

Kategori:Språk i Canada Kategori:Språk i USA Kategori:Algonkinske språk Kategori:Einskildspråk