Denne framstillinga av fonologien i prærie-cree beskriv stavings-struktur, vokalar, konsonantar og konsonantgrupper.
Stavingsstruktur Prærie-cree har desse seks stavings-typane, der C = einskild-konsonant, V = kort eller lang vokal:
Stavingstype 1 og 2, som manglar opptakt, finst berre i framlyd (dvs. fremst i ord), slik at vokalane i to stavingar som fylgjer rett etter einannen, alltid er skilde med éin eller to konsonantar. Stavingstype 5 og 8, med to konsonantar i koda, finst berre i utlyd (dvs. i slutten av ord). Her er nokre døme på ulike stavings-typar, der stavingsgrenser er markerte med eit punktum: V.CVC a.tim 'hund' CV.CVC.CVC pi.mih.kān 'pemmikan' V.CVCC a.misk 'bever' VC.CCV.CVC os.pwā.kan 'pipe' CCVC.CV.CVC kwah.ko.tēw 'det står i brann' Vokalar Prærie-cree har tre korte og fire lange vokal-fonem; vokallengd er markert ortografisk med ein makron over vokal-symbolet: Vokalar Fremre urunda Sentral urunda Bakre runda Trong i ī Midtre ē o ō Open a ā Av di det ikkje finst nokon kort e, er det vanleg å utelate makronen på ē. I denne artikkelen tek vi makronen med også på ē.
Konsonantar Språket har ti konsonant-fonem, som her er attgjevne ortografisk: Konsonantar Labial Alveolar Postalveolar Palatal Velar Glottal Plosiv/affrikat p t c k Frikativ s h Nasal m n Halvvokal w y
Plosivane og affrikatane p t c k er stemde mellom vokalar og mellom ein vokal og ein halvvokal, og ustemde elles. C blir uttala [ʧ] eller [ʦ] når han er ustemd og [ʤ] eller [ʣ] når han er stemd, som vist i desse døma:
p t c k I framlyd(fyrst i ord) pahki 'delvis'[pahki] tahki 'heile tida'[tahki] Mellom vokalar ogmellom vokal og halvvokal wāpamēw 'han ser han'[waːbameːw] atim 'hund'[adim] Etter frikativ ospwākan 'pipe'[ospwaːgan] I utlyd(sist i ord) nīsosāp 'tolv'[niːsosaːp] mihcēt 'mange'[mihʧeːt]
Kategori:Prærie-cree-språket