Inge Mannsåker () var ein norsk prest og forfattar. Forfattarskapen hans omfattar m. a. arbeid med forholdet mellom trua og fornufta, rusproblematikk, konfliktløysing i små og store tilhøve, både lokalt i stab og kyrkjelyd og i internasjonale tilhøve.

Mannsåker vart fødd i Ullensvang, men voks opp både der, på Voss og i Oslo. Mannsåker har vore sokneprest og prost i Rana, kapellan i Ås med Bjørnebekk kursted for alkoholikarar, hovudprest ved Ullevål sjukehus i Oslo og sokneprest i Frogner. Over ei årrekkje har han hatt styreverv i Den Norske Helsingforskomite for menneskerettar, og delteke i konfliktløysande arbeid i Europa og Amerika.

I bøkene sine har Mannsåker vore oppteken av å klargjera mandatet til tanken i leitinga etter tru og livsverdiar. Han sluttar seg til Blaise Pascal sine ord om at "Det er hjarta som oppfattar Gud, og ikkje forstanden". Far til Inge Mannsåker var Jon Mannsåker.

Utgjevingar

"Gud, hvor er du? om redelig tvil og levedyktig tro samt tretten meditasjoner" (Luther Forlag, 1997) "Å vokse til ansvar. Etiske synspunkter på behandling av alkoholisme" (Tanum/Norli 1978) "En kort bok for de travle om veier til vekst i stab og menighet" (Peter Møller Krohn Forlag 1993) "Oppbrudd og hjemkomst. Hva livet lærte meg." (Lunde Forlag 2003) "Hverdag og evighet. En kjærlighetssaga", (saman med journalisten Anne Marie Mannsåker 2005) "Åpent mysterium. Om troen, hjertet og forstanden.", (Kolofon 2006) "Opna hjartans dør: dikt og meditasjoner. Gjerne til høgtlesing, men helst til ettertanke." (Kolofon 2008) "Tider skal koma" utgitt i 2009.

Kjelder

Skanna kyrkjebøker for Ullensvang i 1922 Biografi på sidene til Bokkilden. Mo Menighhetsblad oktober 2008, med dikt av Mannsåker.

Mannsåker, Inge Mannsåker, Inge Mannsåker, Inge Mannsåker, Inge Mannsåker, Inge