Hund eller tamhund (Canis familiaris eller Canis lupus familiaris) er eit mellomstort domestisert rovpattedyr i hundefamilien, som har følgt mennesket og bidrege til menneskeleg suksess gjennom fleire tusen år. Både hund og katt er rekna som viktige kjæledyr, sjølv om begge er rovdyr.

Hundar er tamme etterkomarar av ulv som har levd saman med menneska i over år. Han var den fyrste arten til å bli domestisert, og har utvikla seg til mange ulike storleikar, fargar og former tilpassa eit utal arbeidsoppgåver. Hundar er sosiale dyr som kan trenast på ulike vis, mellom anna til å jakta (jakthund), vakta på eigedom eller snusa seg fram til narkotika (brukshund/tenestehund), men dei gjer òg ein fin innsats utan så mykje trening som turkamerat og skjødehund eller familiehund.

Fylogeni høgre|mini|Dagens ulvar (C. lupus) har felles opphav med tamhund og dingo. mini|Ny-guinea villhund (C. dingo, C. hallstromi) er ein vill urhund som berre lever i fjella på Ny-Guinea. Tamversjonen blir kalla ny-guinea syngehund og stammar frå åtte viltfanga individ Tamhunden tilhøyrer den ikkje-systematiske gruppa av verkelege hundar, somver kjenneteikna gjennom at alle har 78 diploide kromosom (2n = 78). Saman med søramerikanske hundedyr (som har eit varierande tal diploide kromosom) utgjer desse to gruppene ein systematisk tribus kalla hundeliknande canidar (Canini).

Bortsett frå to artar tilhøyrer alle verkelege hundar slekta Canis. Hunden blir likevel gjerne rekna som ei underart av arten ulv (Canis lupus), som på si side no meir blir rekna som eit artskompleks.Bridgett M. vonHoldt, John P. Pollinger, Dent A. Earl, et al. (2011). A genome-wide perspective on the evolutionary history of enigmatic wolf-like canids. Genome Res, May 12, 2011, 21: 1294-1305. Besøkt 2013-09-08 Artskomplekset «ulv» består igjen av fleire distinkte kladar og kryptiske artar.M. S. Crowther, M. Fillios, N. Colman & M. Letnic (2014). An updated description of the Australian dingo (Canis dingo Meyer, 1793). Journal of Zoology, July 2014. 293(3): 192–203 DOI: 10.1111/jzo.12134 ISSN 0952-8369 Tamhund og dingo (C. dingo) har felles opphav og stammar truleg frå ei ulvelinje som no er utdøydd.

Inndelinga under følgjer Rutkowski et al. (2015).Rutkowski, R., Krofel, M., Giannatos, G., Ćirović, D., Männil, P., Volokh, A.M., Lanszki, J., Heltai, M., Szabó, L., Banea, O., Yavruyan, E., Hayrapetyan, V., Kopaliani, N., Miliou, A., Tryfonopoulos, G.A., Lymberakis, P., Penezić, A., Pakeltytė, G., Suchecka, E. & Bogdanowicz, W. (2015). A European Concern? Genetic Structure and Expansion of Golden Jackals (Canis aureus) in Europe and the Caucasus. PLoS ONE, 10(11), e0141236. doi:10.1371/journal.pone.0141236 Det er sett i gang studium som vonleg vil avdekka om stripesjakal (C. adustus) og svartryggsjakal (C. mesomelas) bør innlemmast i ei eiga slekt, sidan denne inndelinga gjer Canis til ei parafyletisk gruppe.

Opphavet til hunden mini|Chihuahua og grand danois er høvesvis verdas minste og største hunderase. Hunden har tidvis blitt rekna som ein sjølvstendig art og tidvis som ein underart, sidan opphavslinjene har vore vanskelege å dokumentera vitskapleg. Difor har det versert ei rekkje meir eller mindre kvalitative teoriar, med større og mindre oppslutning. Moderne DNA-forsking har likevel slått fast at ulv (Canis lupus) og tamhund har eit felles opphav, eit stort, ulveliknande hundedyr som levde i Europa (men naudsynlegvis ikkje berre der), men no er utdøydd. Analysane tyder på at den nære slektskapane til hunden med ulven, og gjennom dette all usemja om klassifiseringa gjennom åra, stammar frå naturlege kryssingar (altså hybridisering) mellom desse to artane.Adam H. Freedman, Ilan Gronau, Rena M. Schweizer, Diego Ortega-Del Vecchyo m. fl. (2014-01-16). Genome Sequencing Highlights the Dynamic Early History of Dogs. PLoS Genetics. DOI: 10.1371/journal.pgen.1004016. Besøkt 2014-01-20 Hybridiseringa har truleg gått føre seg gjennom tusenår, og kan forklara mange av spørsmåla som har kome til i seinare års forsking.

Linja i stamtreet som førte fram til tamhunden, oppstod truleg alt for rundt 76 000–135 000 år sidan. Ein studie som kom ut 16. januar 2014 antyder at tamhunden og ulven truleg berre har éi felles stamform, som truleg eksisterte for rundt 9 000–34 000 år sidan.Koler-Matznick, Janice (2002). The Origin of the Dog Revisited. Anthrozoös 15(2): 98 - 118.

27. mars 2014 dukka det opp ein australsk studie som slo fast at dingo (C. dingo) kan vera ein sjølvstendig art, noko som naturlegvis styrka teorien om at ulv, tamhund og dingo hadde eit felles opphav. Grunnlaget for studien var fossil, fleire skinn og beinfragment etter dingoar som var daterte til tida før det moderne mennesket tok med seg tamhundar til Australia. Altså til tida før hybridisering mellom hund og dingo fann stad.

Den 18. oktober 2021 meldte det renommerte vitskaplege tidsskriftet Science at ein no utdøydd japansk ulv (C. l. hodophilax) kunne vera nøkkelen til tamhunden sitt opphav.David Grimm (2021) Mysterious, extinct Japanese wolf may hold clues to origins of dogs. Science, 18 oct 2021. Besøkt 2021-10-19 Det er for tidleg å slå det endeleg fast, men tamhunden og C. l. hodophilax ser ut til å vera systerarter, som då altså må ha ein felles progenitor.Jun Gojobori, Nami Arakawa, Xiaokaiti Xiayire, Yuki Matsumoto, Shuichi Matsumura, Hitomi Hongo, Naotaka Ishiguro, Yohey Terai (2021) The Japanese wolf is most closely related to modern dogs and its ancestral genome has been widely inherited by dogs throughout East Eurasia. bioRxiv 2021.10.10.463851; doi: https://doi.org/10.1101/2021.10.10.463851 Komplette genom frå ni japanske ulvar, 11 japanske hunderasar og eit utval av revar, prærieulvar, dingoar, ulike ulvar, og moderne hundar frå heile verda, danna fundamentet for undersøkinga. Andre forskarar hevdar at studien er eit langt steg framover, men at det framleis trengst meir forsking før ein kan trekka nokre endelege konklusjonar. Mykje tyder likevel no på at han oppstod langt aust i Asia.

Domestiseringa Hund og menneske har levd i sameksistens gjennom fleire tusenår. Lenge trudde ein at domestiseringa av hunden fann stad for kring 12 000–15 000 år sidan, men forsking i seinare år har vist at sjølve prosessen kan ha starta mykje tidlegare. Han kan ha byrja allereie for kring 40 000 år sidan, og kanskje på fleire stader. Det herskar framleis usemje om kva tid og kvar det skjedde. Funnet av den 31 700 år gamle goyethunden har leidd nokon til å tru at aurignackulturen i Europa var den fyrste som domestiserte hunden, men det finst fleire teoriar.Jennifer Viegas. 2008. World's first dog lived 31,700 years ago, ate big. Science. NBCNews.com. Besøkt 2014-04-22

Då Skoglund et al. (2015) dokumenterte funnet av den såkalla tajmyrulv (eit fossilfunn frå Tajmyrhalvøya i Sibir), kunne forskarane samtidig slå fast ei hittil ukjend linje av ulvar som fanst for omkring 35 000 år sidan, men sidan truleg har døydd ut.Skoglund, P., Ersmark, E., Palkopoulou, E. & Dalén, L. Ancient wolf genome reveals an early divergence of domestic dog ancestors and admixture into high-latitude breeds. Curr. Biol. 25, 1515–1519 (2015). Den genetiske arven etter tajmyrulv lever likevel vidare, sidan forskarane fann introgresjon (flyt av gen) til mellom anna sibirsk husky, grønlandshund og shar pei. Funnet støttar teorien om at hunden kan ha oppstått som fleire ulike hendingar, på ulike stader og til ulik tid. I dette tilfellet er det snakk om tre ulike hendingar. Skoglund hevda likevel at tajmyrulven neppe ville løysa gåta om opphavet til hunden, sidan denne og hunden tilhøyrte parallelle linjer som truleg splitta frå stamtreet til ulven omtrent samtidig, og før siste glasiale maksimum. Funnet av tajmyrulven har likevel justert den genetiske tidslinja, og slik sett fått den molekylære klokka (som måler takten av genetiske mutasjonar som bygger seg opp gjennom tid) til å tikka meir i takt med dei arkeologiske bevisa.

I ein studie som kom ut i det vitskaplege tidsskriftet Nature Communication den 18. juli 2017 konkluderte Botigué et al. (2017) med at ulven og tamhunden truleg skilde lag for kring 36 900–41 500 år sidan, noko som fell saman med bevisa frå genomet til tajmyrulven.Botigué, L. R. et al. Ancient European dog genomes reveal continuity since the Early Neolithic. Nat. Commun. 8, 16082 doi: 10.1038/ncomms16082 (2017). Vidare konkluderte dei med at domestiseringa av hunden må ha starta mellom då og det tidspunktet då den søraustasiatiske linja med hundar oppstod, for kring 17 500–23 900 år sidan. Botigué et al. hevdar likevel at studien ikkje gir noko svar med omsyn til kvar det skjedde og om prosessen kan ha skjedd som fleire parallelle hendingar på ulike stader.

Arkeologiske funn Dei eldste skjelettrestane som er funne etter tamhundar er vel 30 000 år gamle og stammar frå tida etter Cro-Magnon (Homo sapiens sapiens – notidsmenneske). Eit internasjonalt forskarteam oppdaga for nokre år sidan restane av ein hund som kan daterast 31 700 år tilbake i tid, noko som støttar teorien om at prosessen må ha starta tidlegare enn ein gjekk ut frå tidlegare. Funnet stammar frå Goyetgrotta i Belgia og viser ein hund med ekstra kraftige tenner, breiare skalle (større hjerne) og kortare og breiare snute enn både nolevande og fossile ulvar. Forskarane estimerte ein hund på storleik med ein stor schæferhund og slo òg fast at dietten hadde bestått av kjøtt frå moskusfe, hest og rein.

Slike skjelettrestar er alltid blitt funne like i nærleiken av menneskelege skjelettrestar, noko som gav opphav til nemninga Canis familiaris. I ertebøllekulturen frå steinalderen blei òg hundar gravlagde med gravgåver, og strødde med oker, noko som viser at banda mellom hund og menneske må ha vore tette.http://www.historie-online.dk/special/perioder/erte.htm Det er derfor logisk å gå ut frå at tamhunden stammar frå ville canider.

Varangerhunden Funnet av den såkalla varangerhunden (C. varangensis, C. f. varangensis) er det eldste beviset ein har for tamhundar i Noreg. Varangerhunden blei funnen i Sør-Varanger og er datert cirka 5 000–7 000 år tilbake i tid. Ein går ut frå at hundtypen må ha vore ganske vanleg på Nordkalotten ein gong i tida, og funnet viser ei rekke fellestrekk med den opphavlege lapphunden. Begge manglar mellom anna 2. premolar på begge sider i overkjeven, eit særtrekk dei elles delar med norsk lundehund og nokre andre eurasiske urhundar. Det er likevel umogleg å ta varangerhunden til inntekt for ein særskild hunderase.

Opphavet til hundetypane