Michelle LaVaughn Robinson Obama () er ein amerikansk advokat og samfunnsaktivist. Ho var førstedame i USA i åra 2009-2017.

Ho er ektefellen til tidlegare president Barack Obama. Dei gifta seg i oktober 1992 og har to døtrer. Då han tiltredde som president 20. januar 2009 vart Michelle Obama USAs første afroamerikanske førstedame, og den første av slave-herkomst.

Obama er fødd og oppvakse i ein arbeidarklassefamilie i bydelen South Side i Chicago. Faren Fraser Robinson (1935–1990) jobba som pumpearbeidar i det kommunale vassverket i Chicago. Mora Marian Shields (1937–) jobba som sekretær. Michelle Obamas første kjende forfar var tippoldefaren hennar på farssida, Jim Robinson, som var ein slave på plantasjen Friendfield i Georgetown i Sør-Carolina, der delar av familien hennar framleis bur.

Ho er utdanna ved Princeton University og Harvard Law School. Ho byrja karrieren sin i advokatfirmaet Sidley Austin, der ho trefte den kommande ektemannen sin. Ho vart så rekruttert til ei stilling i borgarmeister Richard M. Daleys stab. Ho har òg arbeidd for University of Chicago og University of Chicago Hospitals.

Som førstedame fungerte Obama som eit førebilete for kvinner og jobba som talsperson for fattigdomsmedvit, utdanning, ernæring, fysisk aktivitet og sunn mat. Ho støtta amerikanske designarar og vart sett på som eit moteikon.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Michelle Obama» frå , den 1. november 2021.

Bakgrunnsstoff

barackobama.com: Meet Michelle

Kategori:Elevar ved Princeton University Kategori:Obama-slekta Kategori:Folk frå Chicago