Samora er ei norsk musikkgruppe som i all hovudsak spelar musikk frå sjangrane rock og metall. Gruppa kjem frå Førde i Sogn og Fjordane, og blei starta i 2008.
Tekstane er for det meste skrive på engelsk, men gruppa har også nokre norske songar. Sjølv om dei enno ikkje har gjeve ut CD, ligg noko av musikken deira tilgjengeleg på internett.MySpace.com: «Samora på MySpace, henta 23. januar 2010 Sommaren 2009 fekk Samora vist seg fram for fleire tusen publikummarar. Mellom anna under festivalane Sommarfest i SunnfjordFirda.no: «Då går artistane på scena og Malakoff Rockfestival.NRK.no: «Får spele på Malakoff, henta 23. januar 2010
Medlemmar
Erik Henden Aaraas, vokal Kim André Danielsen, bassgitar Asbjørn Reksten Stigedal, gitar Anders Aga Ulvestad, gitar Peter Nore Bengtsson, trommer
Gjennombrot
Gruppa fekk sitt gjennombrot då dei byrjinga av juni 2009 vann ein lokal talentkonkurranse, kor det beste bidraget vart den nye offisielle bysongen til Førde kommune.Firda.no: «Når sola skin over Hafstadfjellet ..., henta 23. januar 2010 Våren 2010 kvalifiserte bandet seg til landsfinalen i Wacken Metal Battle, ein nasjonal talentkonkurranse for metallsjangeren.
Bakgrunnsstoff Samora på MySpace Når sola skin over Hafstadfjellet ... Får Spele På Malakoff Då går artistane på scena
Kjelder
Kategori:Norske musikkgrupper Kategori:Kultur i Sunnfjord Kategori:Musikkgrupper skipa i 2008