The Legend of Zelda: Majora's Mask er eit action-eventyrspel utvikla og utgjeve av Nintendo til Nintendo 64. Det vart utgjeve internasjonalt i 2000 som det sjette hovudspelet i The Legend of Zelda-serien og er ein direkte oppfølgjar til The Legend of Zelda: Ocarina of Time frå 1998. Det vart designa av ei gruppe leidd av Eiji Aonuma, Yoshiaki Koizumi og Shigeru Miyamoto og vart ferdig utvikla på under to år. Det har forbetra grafikk og fleire endringar av spelemekanikkane samanlikna med forgjengaren, sjølv om det brukte fleire element og karaktermodellar på nytt, noko utviklaren sa var ei kreativ avgjerd gjord naudsynt på grunn av tronge tidrammer.
Handlinga i Majora's Mask går føre seg to månader etter hendingane i Ocarina of Time. Spelet følgjer Link, som under ei personleg reise endar opp i Termina, ei parallell verd til Hyrule. Etter å ha kome til Termina, finn han ut at verda er truga av at månen vil falla ned i laupet av tre dagar.
Spelet vart utgjeve på nytt til GameCube i 2003 som del av The Legend of Zelda: Collector's Edition, til Wii og Wii U gjennom Virtual Console i 2009 og i 2016, og til Nintendo Switch Online i 2022. Ei nyutgåve med ekstra innhald og forbetra grafikk vart utgjeven til Nintendo 3DS i 2015 under tittelen The Legend of Zelda: Majora's Mask 3D.
Merknader
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «The Legend of Zelda: Majora’s Mask» frå , den 10. februar 2022.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Action-eventyrspel Kategori:Dataspel frå 2000 Kategori:Nintendo Entertainment Analysis and Development-spel Kategori:Nintendo 3DS-spel Kategori:Nintendo 64-spel Kategori:The Legend of Zelda-spel Kategori:Virtual Console-spel til Wii Kategori:Virtual Console-spel til Wii U