San Luis Potosí (òg SLP eller San Luis) er ein delstat i Mexico. Han ligg i sentral-nordlege delen av landet og har eit areal på 60 983 km². Delstaten grensar til Coahuila i nord, Nuevo León i nord-aust, Tamaulipas og Veracruz i aust, Hidalgo, Querétaro og Guanajuato i sør, og Zacatecas i nord-vest.

I 2015 hadde San Luis Potosí eit folketal på like over 2 700 000 innbyggjarar. Hovudstaden og største byen er San Luis Potosí. Andre store byar er Ciudad Valles og Matehuala.

Delstaten vart oppkalla etter Kong Louis IX av Frankrike.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Delstatar i Mexico