mini|Oreganoblad (bergmynte). mini|Tørka oregano.
Oregano er handelsnamnet på krydder av ulike underartar og kultivarar av bergmynte i slekta Origanum i leppeblomfamilien. Oregano er det engelske namnet på bergmynte.
Dei er alle aromatiske urter, og mange blir brukt som smakstilsetning i matrettar. Det krydderet som i Noreg og Sverige blir seld som oregano er ofte ei blanding av tørka blad frå underarten gresk oregano og sorten Compactum.
Det er òg andre artar i slekta Origanum som blir nytta som krydder, mellom desse merian (Origanum majorana), men dei blir ikkje rekna som oregano-krydder.
Etymologi Oregano er den anglifiserte forma av det italienske ordet origano, eller mogleg frå mellomalder-latin organum. Det siste er nytta i minst eitt gammalengelsk skrift. Begge kjem frå klassisk latin origanum, som truleg refererer til merian (Origanum majorana), og var sjølv ei avleiing frå det greske (origanon), som viste til ei plante med sterk lukt og smak.ὀρίγανον, Henry George Liddell, Robert Scott, A Greek-English Lexicon, on Perseusoriganum , on Oxford Dictionaries Etymologien av det greske ordet er ofte oppgitt som oros 'fjell' + verbet ganousthai 'glede seg over', men Oxford English Dictionary gjer merksam på at det mest truleg er eit lånord frå eit ukjent nordafrikansk språk.Oxford English Dictionary Online. Draft revision for "oregano", June 2008; draft revision for "origanum", March 2009; draft revision for "organum", June 2008
Referansar
kategori:Urter kategori:Krydder Kategori:Bergmynteslekta