Sanna og Sanne er kvinnenamn danna som kortformer av det opphavleg hebraiske Susanna/e, som tyder 'lilje'. Namnet kan òg knytast til tydinga 'sann'. Sanne har norsk namnedag den 16. juli.

Sanne kan òg vera eit stad- og slektsnamn.

Sanna er ei svensk form av namnet og Sanne ei dansk. Begge formene er brukte i Noreg. I 2009 var det 574 kvinner som heitte Sanne og 676 som heitte Sanna. Sanna hadde ein brukstopp på byrjinga av 2000-talet.

Namneberarar Sanne Salomonsen (f. 1955), dansk artist Sanne Munk Jensen (f. 1979), dansk forfattar Sanna Nielsen (f. 1984), svensk artist

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Sanna» frå , den 15. juli 2009.

Kategori:Kvinnenamn Kategori:Slektsnamn Kategori:Norske stadnamn