Jan Adolph Budde () var ein norsk agronom som i perioden 1846-1876 dreiv landbruksskule på Austrått i Høyland ved Sandnes i Rogaland. Han var ei drivande kraft for det landbruksteknologiske miljøet som var på Jæren på denne tida. Landbruksskulen var berre ein av fleire aktivitetar Budde dreiv for å fremja landbruksutvikling i Rogaland. Han hadde også tillitsverv i Landshushaldningsselskapet. A. Buddes vei på Våland i Stavanger ber namnet hans.

Liv og virke Budde var son av kapteinløytnant og seinare kommandørkaptein Ole Christopher Budde og Andrea Frederikke Ottoline Arenfeldt. Han blei cand.theol. i 1834, men hadde sterkare interesse for landbruk. Det studerte han hjå Jacob Sverdrup på Sem i Borre og på reiser i Storbritannia, Frankrike, Tyskland og Danmark. Etter å ha vore gardsforvaltar ved Kristiansand i tid blei han tilsett som styrar av Kopervik lærarseminar i 1841.

Jan Budde blei den fyrste styraren av landbruksskulen i Stavanger amt frå 1846. Han hadde stillinga i 32 år. Han var også ordførar i Høyland 1858–63, medlem av styret i landhushaldsselskapet i Stavanger amt og direktør i Høiland Sparebank i mange år.

Budde gifta seg med Birthe Lindbom (1821–1851) i 1846.

Landbruksundervising Nye reiskapar og utvikling av desse stod sentralt i undervisinga på skulen og i føredrag han reiste rundt med og i artiklar i ymse tidsskrift.

Elevane skulle læra både å laga og bruka det vanlegaste landbruksreiskapen som var høveleg for distriktet. Elevane hadde engelske lærebøker og kopierte teikningar av ulik reiskap. I teoriundervisninga blei det gjennomgått konstruksjonsmåtar for ei rekkje reiskapar. På skulen var det både ein eigen snikarverkstad og ei smie. Av reiskapane som blei laga av elevane på skulen kan nemnast: Doble skotske horver Nepesåmaskinar Tromler med delt stokk «Skjæremaskine for Turnips» «Kornrensingsmaskine» «Drilkultivartor med 2 Sæt Jern - heelt af jern» «Kornsækruller» Kjerrehjul

Kjende elevar Kjende grunnleggjarar av reiskapsfabrikkar som alle har gått på J.A. Buddes landbruksskule: Andreas Serigstad som starta Serigstad i 1864 og er mest kjend for fôrhaustarar. Ole Gabriel Kverneland som starta Kverneland Group i 1879, mest kjend for plogar. Ole Kyllingstad som starta Kyllingstad Plogfabrikk i 1883. Blei kjøpt opp av Kverneland Group i 1984.

Utmerkingar Budde blei utnemnd til riddar av St. Olavs Orden i 1877.

Kjelder

Reiskapsprodukjon ved landbruksskulen på Austrått - Jærmuseet - Vitenfabrikken Sandnes. STAVANGER BYLEKSIKON : A. Buddes vei

Bakgrunnsstoff Serigstad Kverneland Group

Kategori:Norske agronomar