Helgatun fjellpensjonat er ein serverings- og overnattingsstad ved Riksveg 13 i Myrkdalen i Voss herad i Vestland. Staden vert driven som leirstad og fjellpensjonat og er eigd av Indremisjonssamskipnaden.

Anlegget vart bygd i 1968. Eit rom i bygget er innreida og vigsla som kapell. Kapellet vart vigsla 12. august 1973.

Referansar

Bakgrunnsstoff Nettstaden til Helgatun fjellpensjonat

Kategori:Kyrkjer i Hardanger og Voss prosti Kategori:Kyrkjer i Voss Kategori:Norske kyrkjer frå 1973 Kategori:Reiseliv i Vestland Kategori:Skipingar i 1968