Pronomen i grenlandsmålet.

Personlege pronomen Innleiing Som andre søraustlandske dialektar har grenlandsmålet nominativformer i 1sg. som tek til med j: ¹jæi ~ ¹jæː 'eg'. I 1pl. tek både nominativ- og oblikforma til med v: ¹viː - ¹voʃ 'vi - oss'. I 2pl. er nominativ- og oblikformene ulike hos eldre talarar: ¹diː 'de' - ²deːre 'dykk', men dette systemet er på veg ut, og dei fleste nyttar berre ²deːre 'de, dykk'. Hos eldre talarar står skiljet sterkast når (²)deːre elles ville førekome to gonger meir eller mindre rett etter kvarandre: ²kuːsæri deːre 'kosar de dykk?' høyrest for mange talarar betre ut enn ²kuːsæ ɖeːre deːre. I 3sg. og 3pl. finst eit komplisert system, mellom anna med eit viktig skilje mellom uavhengige og enklitiske former. Trykksterke og trykkveike former er ofte svært ulike, som i 1sg. oblik ¹mæi - ma 'meg' og 2sg. oblik ¹dæi - da 'deg'. Dei trykkveike formene med a (ma, da og sa) finst truleg berre i grenlandsmålet; andre søraustlandske dialektar har former med æ (mæ, dæ og sæ).

1. og 2. person Ved dei personlege pronomena i 1. person og 2. person er desse to skilja viktige: Trykksterke former mot trykkveike former. Nominativ-former mot oblike former. Heile systemet kan setjast opp slik:

Personlege pronomen i grenlandsmålet:<br\>1. og 2. person Trykksterk Trykkveik Nominativ Oblik Nominativ Oblik1. person singularis ¹jæi ~ ¹jæː ¹mæi jæ ma2. person singularis ¹dʉː ¹dæi dʉ ~ rʉ da ~ ra1. person pluralis ¹viː (¹vos); ¹voʃ vi (vos); voʃ2. person pluralis ¹diː; ²deːre ²deːre di ~ ri; de:re de:re

Når det i éi rute står fleire former med semikolon (;) mellom, er formene føre semikolon eldre former som er på veg ut; står formene i parentes, tyder det at dei truleg har gått heilt av bruk. Når det i ei rute står fleire former med ~ mellom, er det full valfridom mellom dei i enklitisk posisjon, mens berre formene føre ~ kan nyttast elles.

Former med d~r-veksling I nokre tilfelle er dei ei veksling mellom d og r fremst i ei form. Regelen for bruken av formene er slik:

Etter verbformer som endar på r, skal formene på r- brukast, og r i verbet fell bort, som alltid føre ord som byrjar med konsonant. Etter verbformer som endar på vokal, kan formene på r- eller d brukast. I andre tilfelle skal formene på d- brukast.

Her er nokre døme, med dʉ~rʉ:

²çenerʉ ²uːɽa 'Kjenner du Ola?' ²çentedʉ eller ²çenterʉ ²uːɽa 'Kjente du Ola?' ¹seːrʉ ²uːɽa 'Ser du Ola?' ¹soːdʉ ²uːɽa eller ¹soːrʉ ²uːɽa 'Såg du Ola?' ¹ʃøyvdʉ ²uːɽa 'Skauv du Ola?'

3. person I 3. person kjem eit anna skilje inn mellom dei trykkveike formene, i staden for nominativ mot oblik: Uavhengige former mot enklitiske former. Systemet er slik:

Personlege pronomen i grenlandsmålet:<br\>3. person Trykksterk Trykkveik Nominativ Oblik Uavhengig Enklitisk3. person singularis maskulinum ¹han / ¹den ²hanum; ¹han / ¹den han / den n3. person singularis femininum ¹hʉː / ¹den ²henær / ¹den hʉ / den a3. person singularis nøytrum ¹deː ¹deː de de ~ re3. person pluralis ¹diː ²deme ~ ¹diː di di ~ ri

Når det i éi rute står fleire former med semikolon (;) mellom, er formene føre semikolon eldre former som er på veg ut. Når det i ei rute står fleire former med ~ mellom, er det full valfridom mellom dei i enklitisk posisjon, mens berre formene føre ~ kan nyttast elles. Når det i ei rute står fleire former med skråstrek (/) mellom, blir formene etter skråstreken, nærmare bestemt ¹den, den og ¹diː, nytta om hankjønns- og hokjønnsord som ikkje viser til menneske. Eldre talarar nyttar formene etter skråstreken mindre, bortsett frå ¹diː.

Ein del eldre bygdemål har noko andre former i 3sg f:

Trykksterk Trykkveik Nominativ Oblik Uavhengig Enklitisk Nominativ Oblik3. person singularis femininum ¹huː / ¹den ²henær / ¹den hu / den u a

Kategori:Grenlandsmålet