Visebølgja er ei musikk- og kulturrørsle som i Noreg starta midt på 1960-talet. Bølgja hadde høgdepunktet sitt på 1970-talet. Viser blir tradisjonelt assosierte med den einslege trubaduren med gitar. Frå 1960-talet og utover omfattar viseomgrepet tekstlege og musikalske uttrykk innafor dei fleste musikksjangrane og med stor spennvidde i kompleksitet, men teksten vil alltid vere eit sentralt element.

Historikk

Før bølgja kom Visens venner og Søndagsposten miniatyr|Otto Nielsen fotografert av Rigmor Dahl Delphin i 1964. Foto i Oslo Museums samlinger. Visens venner vart etablert i 1944 «med formål å dyrke, verne og fremme den gode vise», og var ei lukka foreining der medlemmane måtte inviterast inn. Dei 10 songane i Visens venners viser, første samling (1950) gir tydelege hint om retninga. Det er skillingsviser, romantiske viser og folkelege viser med datidas revypreg.Visens venners viser, første samling i bokhylla.no (Tiden norsk forlag, 1950). Foreininga stod i nær kontakt med NRK, ikkje minst gjennom medlemmen Otto Nielsen som i oktober 1957 starta Søndagsposten. Radioprogrammet vart ein viktig scene for visediktarar frå heile landet. Innsende tekstar fekk melodiar laga av Otto Nielsen, Bjarne Amdahl, Finn Ludt, Johan Øian og andre komponistar frå miljøet omkring Visens venner, medan andre bidragsytarar laga både tekst og melodi. Mange av visene vart gitt ut på plate og ein god del vart store slagerar. Vidar Sandbeck fekk i 1958 eit gjennombrot med «Pengegaloppen» som først vart framført i Søndagsposten.«Vidar Sandbeck: En bauta i norsk musikkliv» (Ballade, 14.11.2005). Andre klassikarar som stammar frå Søndagsposten, er «Julekveld i skogen» (tekst Astow Ericson, melodi Otto Nielsen), «Trubadurvise» (tekst Einar Skjæraasen) og «Ofelias vise» (tekst og melodi Hartvig Kiran). Faste medarbeidarar som Alf Prøysen og Erik Bye bidrog også til programmet.Otto Nielsen; Søndagsposten i bokhylla.no (Cappelen forlag, 1967). Sjølv om den kommande visebølgja skulle hente mykje av inspirasjonen frå andre kantar av verda, vart også desse visene sungne i viseklubbar og på festivalar gjennom dei neste tiåra.

Tidleg påverknad frå USA mini|Woody Guthrie var ei viktig inspirasjonskjelde for store delar av den nye amerikanske folk song-bølgja. Ein gjengangar under gitarkurs i viseklubbar skulle bli visa «Tom Dooley», som Lillebjørn Nilsen tok med i si gitarbok i 1973. Songen vart ein internasjonal hit i 1958 med gruppa The Kingston Trio, men stammar frå andre halvdel av 1800-talet. På nyåret 1959 toppa han VG-lista i fleire veker. Ei rad amerikanske artistar som hadde suksess i Noreg på 50-talet, framførte versjonar av gamle songar. Mellom desse var Harry Belafonte, Paul Robeson og Burl Ives, utøvarar som høyrde til «American folk music revival» i etterkrigstida. Andre sentrale aktørar i denne fornyinga av den nordamerikanske songtradisjonen var Pete Seeger, Woody Guthrie, Odetta, Josh White, Lead Belly, Cisco Houston og Bess Lomax Hawes.

The Kingston Trio var inspirert av The Weavers som Pete Seeger var med på å starte i 1948, ei gruppe som baserte seg på gitar, banjo og fleirstemt song. Gjennombrotet for The Weavers kom i McCarthy-perioden i amerikansk politikk, noko som bidrog til at gruppa tona ned det radikale engasjementet sitt. Resultatet var skarp kritikk frå den politiske venstresida.Bruce Eder: The Weavers, biografi hos allmusic.com Pete Seeger var like fullt ein av mange som vart skylda for uamerikansk verksemd, og i 1955 vart han svartelista for sju år.Zac Johnson: Pete Seeger, biografi hos allmusic.com

Den nye folkemusikkbølgja var prega av engasjement og samfunnskritikk som for ein stor del kan sporast tilbake til slutten av 1800-talet og framveksten av arbeidarrørsla. På 1930-talet vart denne songtradisjonen karakterisert som «progressive folk». Ein av dei mange agitatorane som brukte song og musikk som politisk våpen, var svenskamerikanske Joe Hill (fødd Joel Hägglund, 1879-1915) som var medlem av fagorganisasjonen Industrial Workers of the World. Mange år etter at han døydde skulle han sjølv bli tema for ein song der moralen er at det ikkje er mogeleg å gjere ein songar taus ved å drepe han, så lenge songane lever vidare i andre.The Joe Hill Project

Mot slutten av 1950-talet hadde det utvikla seg miljø for akustisk song og musikk på collegecampusar, i klubbar og i «coffeehouses». Begrepet «hootenanny» vart i folk-miljøet brukt om uformelle arrangement med open mikrofon, eller som Joan Baez sa i 1962: «A hootenanny is to folk singing what a jam session is to jazz.»Frå intervju i Time magazine 23.11.1962, sitert av imdb.com. Lest 12.12.2014.Somme norske kjelder hevdar at hootenanny-begrepet vart brukt om ein viss type grupper, som The Kingston Trio, men dette ser det ikkje ut til å vere belegg for. I musikkmiljøet i USA var det sjølve samkoma som vart kalla «hootenannies». I 1959 vart den første Newport Folk Festival arrangert i Rhode Island med Pete Seeger som ein av styremedlemmane. Her dukka 18 år gamle Joan Baez opp som uannonsert gjest i eit innslag med folkesongaren Bob Gibson. I løpet av dei neste åra gav ho ut fleire plater med i hovudsak tradisjonelle viser, og vart ein sentral forgrunnsfigur for den nye folkemusikkbølgja. I 1963 var det hennar tur til å ha ein gjest under Newport-festivalen, nykommaren Bob Dylan.William Ruhlmann: Joan Baez, biografi hos allmusic.com Ho vart snart også lagt merke til i Noreg.Joan Baez er nemnt i NRKs programoversikt for 2. nyttårsdag 1962, men kan vore spelt før det.

mini|Peter, Paul and Mary under «March on Washington for Jobs and Freedom» i august 1963. Mange folkesongarar var aktive i kampen for borgarrettar i USA. Da Martin Luther King Jr. 28. august 1963 heldt sin berømte tale i Washington («I have a dream»), stod også Mahalia Jackson, Marian Anderson, Joan Baez, Bob Dylan, Peter, Paul and Mary, Odetta og Freedom Singers på scenen. Baez var forsongar da folkemengda song «We Shall Overcome». Peter, Paul and Mary framførte mellom anna den ferske hiten sin, «Blowin' in the Wind», ein versjon som i utgangspunktet hadde større kommersielt gjennomslag enn originalen til Bob Dylan, også i Noreg.Dream Songs: The Music of the March on Washington (The New Yorker 28. sugust 2013)

Mange unge artistar hadde i periodar tilhald i Greenwich Village i New York, og ein god del av desse fekk platekontrakt, som Dave Van Ronk (1959), Joan Baez (1960), Judy Collins (1961), Bob Dylan, Peter, Paul and Mary (1962), Phil Ochs, Buffy Sainte-Marie, Simon & Garfunkel, Tom Paxton (1964), The Mamas & the Papas, Gordon Lightfoot (1966) og Richie Havens (1967).Greenwich Village: The Music that Defined a Scene. Rockcellar Magazine, 10. juni 2011

Etter kvart begynte folkesongarane å dukke opp i norske platebutikkar og i norsk radio, ikkje minst i programma til Rosa Seierstad. Gjennom grammofonkabaretane hennar vart lyttarane kjent med ikkje berre den amerikanske visetradisjonen, men også den svenske, danske, franske og tyske.I programoversikter for NRK i Aftenposten dukkar Rosa Seierstad første gong opp i juni 1965. Kari Svendsen er eit eksempel på direkte påverknad. Fascinasjonen hennar for banjospelet til Pete Seeger kom etter at ho hadde høyrt han i eit av desse programma.Hakan Markussen: American Folk Music på Dolphins Club 1966 - 1970 (masteroppgåve i historie ved IAHK, Universitetet i Oslo 2009, s. 8).

Rosa Seierstad var ikkje den einaste som spelte denne musikken. Eit karakteristisk eksempel er programmet Ord mot krig. Stemmer fra vår egen generasjon. 28. desember 1965 med Tor Åge Bringsværd som programleiar og songinnslag med Joan Baez, Ulla Sjöblom, Tom Lehrer og Jan Malmsjö.Aftenposten 24. desember 1965.

Den svenske visetradisjonen Tre artistar platedebuterte i 1961 på den relativt ukjente LP-en Trubadurer & poeter: Olle Adolphson med to heilt eigne viser og to der teksten var av Beppe Wolgers, Lars Forssell med eigne gjendiktingar frå fransk av Georges Brassens og Henri Salvador, og Alf Hambe med fire eigne viser.popfakta.se (lesen 11.12.2014). Med tanke på kor sentrale desse tre skulle bli, er det mogeleg å kalle utgivinga starten på den nordiske visebølgja. Samtidig seier platetittelen noko om den sterke posisjonen visa hadde i Sverige, der ordet «trubadur» er blitt brukt omtrent som det engelske «singer-songwriter», og viser til ein person som til enkelt akkompagnement framfører eige materiale eller songar frå den svenske visetradisjonen. I Sverige har poetar gjerne vore trubadurar - og trubadurar poetar, frå Carl Michael Bellman (1740-95), via Gunnar Wennerberg (1817-1901), Birger Sjöberg (1885-1929), Dan Andersson (1888-1920) og Evert Taube (1890-1976), opp til nyare tid.

miniatyr|Frå venstre: Cornelis Vreeswijk, Fred Åkerström (midten) og Gösta «Skepparn» Cervin under Vietnamdemonstrasjon på Hötorget i Stockholm 28. august 1965.Frå 1962 til 1969 var «Vispråmen Storken» i Stockholm sentral i utviklinga av «den svenska visvågen». Fred Åkerström skal ha blitt oppdaga medan han arbeidde i garderoben om bord.Fred Åkerström: Ingenstans fri som en fågel. En biografi av Peter Mosskin I 1963 kom albumet Fred Åkerström sjunger Ruben Nilson. Han følgde opp med å gi ut viser av Birger Sjöberg (1964) og Fritz Sjöström (1965). Med Dagsedlar åt kapitalismen (1967) dreidde han repertoaret i politisk retning, men vende stadig tilbake til klassikarane. Debuten til Cornelis Vreeswijk, Ballader och oförskämdheter (1964), inneheldt berre eige materiale, men også han skulle seinare tolke Taube, Bellmann, Forssell med fleire.

Andre som stod på scenen om bord i «vispråmen», var Finn Zetterholm, Ewert Ljusberg, Git Magnusson, Gösta «Skepparn» Cervin, Sid Jansson, Stefan Demert, Jeja Sundström, Torgny Björk, Robert Broberg, Pierre Ström, Margareta Söderberg, Bengt Sändh, Lasse Berghagen og Marie Bergman.pfd-dokument hos Svenska Visakademien (lest 11.12.2014)

I 1966 vart den første VisFestivalen i Västervik arrangert, noko som seinare er gjentatt kvart år.

I tillegg til Bellmann og Taube, fekk Åkerström og Vreeswijk tidleg eit stort norsk publikum. Kor viktige dei svenske trubadurane vart for det norske visemiljøet, varierte frå stad til stad. Generelt var nok den angloamerikanske påverknaden større da bølgja for alvor kom til Noreg.

Den britiske bølgja Også i Storbritannia og Irland voks det etter den andre verdskrigen fram ei aukande interesse for tradisjonsmusikk. Som i USA høyrde mange av aktørane heime på den politiske venstresida. Også som i USA skulle dei mange klubbane bli viktige. Svært sentral var Ewan MacColl, som saman med mellom andre amerikanaren Alan Lomax starta The Ballads and Blues Club i London i 1953. I 1956 møtte McColl halvsøstra til Pete Seeger, Peggy. Dei vart eit par og ein duo. Mellom 1957 og 1964 laga dei ein serie dokumentarprogram for BBC radio, Radio Ballads, der gamle og nye songar var eit sentralt element.Ewan's Biography www.peggyseeger.com (lest 18.12.2014).The Radio Ballads www.peggyseeger.com (lest 18.12.2014).

Midt på 1960-talet var det anslagsvis 300 folkemusikklubbar i Storbritannia.Michael Brocken: The British Folk Revival: 1944–2002 (2003). Gamle og nye songar vart framførte av soloutøvarar, duoar og grupper. Fleire av desse byrja på 50-talet som skiffle-grupper, mellom andre Ian Campbell Folk Group.Ian Campbell Folk Group, biografi hos allmusic.com (lest 18.12.2014) Mens somme utøvarar dyrka det enkle og tradisjonelle, utvikla dyktige gitaristar som Martin Carthy, Bert Jansch og John Renbourn intrikate fingerspelteknikkar som vart kalla Folk Baroque.

Den nye irske folkemusikkbølgja er for ein stor del blitt assosiert med grupper som The Chieftains, The Clancy Brothers, The Irish Rovers og The Dubliners. Musikken har instrument som gitar, mandolin, banjo og fele felles med tradisjonen elles på dei britiske øyene og i USA, men i tillegg set lyden av (blikk)fløyte, harpe, sekkepipevarianten uilleann pipes og den tradisjonelle bodhrán-tromma eit karakteristisk preg på lydbildet.

Folkrock