mini|Eit modelljarnbanesystem frå Märklin. Gebr. Märklin & Cie. GmbH eller berre Märklin er eit tysk leiketøysføretak som vart oppretta i 1859. Opphavleg produserte føretaket tilbehøyr til dokkehus, men seinare vart det best kjend som produsent av modelljarnbaner.
Märklin melde konkurs den 4. februar 2009, same året som føretaket vart 150 år.Märklin meldet Insolvenz an I Der Spiegel Online, 4. feb. 2009 Føretaket blei drive vidare av ein konkursforvaltar som i juli 2010 melde at føretaket igjen gjekk med overskot.www.ftd.se om Märklin 23. juli 2010jarnvagsbloggen.blogspot.com om Märklin 31. juli 2010 I 2013 blei Märklin kjøpt opp av Simba Dickie Group.
Tre ulike modelljarnbanesystem vert selde under Märklin-varemerket: 1:32 skala, som også vert kalla Spor 1, 1:87 skala som høyrer til den mest populære modelljarnbaneskalaen H0 og 1:220, eller Z-skala, som er det minste kommersielt produserte modelljarnbanesystemet. Z-skala nyttar seg av likestraum i likskap med alle andre modelljarnbanesystem. Märklin H0 og 1 nyttar vekselstraum, og i H0 vert det nytta ein straumførande leier mellom dei to spora.
I ein periode vart Märklin Z-skala seld under varemerket Mini-club, men denne benevninga fall vekk etter 2005.
Bokstaven Z vart vald til lanseringa i 1972 som den siste i alfabetet, for å markere at dette var det desidert minste modelljarnbanesystemet.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Tyske føretak Kategori:Modellbygging Kategori:Skipingar i 1859