Nøttveit er eit gardsbruk i Fana i Bergen, sør for Smørås.
Namn Namnet kjem frå det norrøne Notaþveit der not tyder «nøtt» og þveit eit lite jordstykke.
Historie Garden høyrte til Nonneseter kloster, men vart kjøpt av Vincens Lunge i 1528 og vart verande i Lunge-slekta dei neste hundreåra. Sidan 1733 har garden vore i bondeeige. I seinare år har det vore fleire utparselleringar.
Under andre verdskrigen søkte sabotørar frå Saborg dekning på garden. Tyskarane kom på dei og angreip, men motstandsmennene klarte å flykta.
Geografi Nøttveit dekkjer i dag området frå Iglevatnet og sørover. Den vestlege grensa går langs Smøråsvegen frå krysset ved Apeltunvegen og sørover forbi Nøttveitlia, gjennom skogen aust for Apeltunhaugene til Barkhellershaugane. Frå her går grensa opp i åsane og austover til Bjørnevatn, og så nordover langs vestsida av Bjørnevatn og austsida av Steintrælia og Steintræbakken. Vidare nordover går grensa på vestsida av Nøttveitbekken til Iglevatnet. Garden grensar til Skjold i nord, Apeltun i vest, øvre Titlestad i sør og Smørås i aust.
Bruk av namn Nøttveit har gjeve namn til fleire vegar i området: Nøttveitvegen Nøttveitlia Nedre Nøttveit
Kjelder
Bergenskart - stednavnskart
Kategori:Gardar i Fana