Cleng Peerson () var ein norskamerikansk utvandringspioner.

Cleng Peerson var fødd og oppvaksen på den einbølte garden Hesthammar i Tysvær. I 1821 reiste han til USA på oppdrag frå ei gruppe kvekarar i Stavanger for å undersøka mogleiken for å slå seg ned der. Peerson og sambygdingen Knut Olson Eide brukte tre år på granskinga. Han fann ein passande stad nær Ontariosjøen i staten New York, og i 1825 la seglbåten «Restauration» ut frå Stavanger med 52 utvandrarar om bord.

Den første gruppa slo seg ned nær Kendall i Orleans County. Seinare etablerte Peerson fleire nye busettingar stadig lenger vest: i 1834 ved Fox River i La Salle County i Illinois, og i 1843 i Shelby County i Missouri.

Frå 1850 budde Cleng Peerson i Texas, først i Dallas County og frå 1854 i Bosque County, der han døydde.

Cleng Peerson var gift to gonger, i 1807 med den meir enn 30 år eldre Ane Cathrine Sælinger, og i 1848 med den 26 år yngre Maria Dahlgren. Sjølv om han samarbeidde med kvekarane var han aldri medlem av deira kyrkjesamfunn. Seinare i livet var han laust knytt til eit svensk kristen-kommunistisk samfunn i Illinois.

Peerson kalla seg sjølv for «den norske utvandringas far». Han og dei tidlege utvandrarane er skildra i tre romanar av Alfred Hauge: Hundevakt (1961), Landkjenning (1964) og Ankerfeste (1965). I samband med 150-årsjubileet for Restauration-ferda blei Cleng Peerson avbilda på eit norsk frimerke i 1975.nb.no

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Cleng Peerson» frå , den 6. september 2009. </div>

Bakgrunnsstoff

Hauge, Alfred. Cleng Peerson, møte med vandringsmannen, biografisk skisse. 1983 Hauge, Alfred. Cleng Peerson-trilogien. (Hundevakt, 1961; Landkjenning, 1964; Ankerfeste, 1965) Østrem, Nils Olav. «Cleng Peerson». I: Norsk biografisk leksikon. Bd 7, 2003

Kategori:Norsk-amerikanarar Kategori:Norsk utvandring til Amerika Kategori:Folk frå Tysvær