mini|Logo for tidsskriftet Dagny. Dagny og Dagne er kvinnenamn av norrønt opphav. Dagny har namnedag den 11. september.

Dagný er sett saman av dagr, 'dag', dagen eller guden for han, og nýr, 'ny'. Det har vore brukt som førenamn frå rundt 1600.

Bruk Historisk utvikling av populariteten til namnet Dagny i Noreg.

Dagný er eit vanleg namn på Island, men er mindre utbreidd i andre land.

Dagny var blant dei mest brukte namna på jentebarn fødd i Noreg i tida 1890–1910, men har sidan falle i popularitet.

mini|upright|Dagny Juel med sonen Zenon. Namneberarar Dagny Juel (1867–1901), norsk forfattar Dagny Sandvik (1878–1968), norsk sopran og songpedagog Dagny Bjørnaraa (1894–1973), norsk journalist og foreiningskvinne Dagny Edit Dorotea Lindsten, seinare Lind (1902–1992), svensk skodespelar Dagny Berger (1903–1950), første norske kvinna som tok flysertifikat Dagny Tande Lid (1903–1998), norsk kunstnar og forfattar Dagny Holm (f. 1955), norsk forfattar Dagny Mellgren (f. 1978), norsk fotballspelar Dagny Norvoll Sandvik (f. 1990), norsk popsongar

Annan bruk Tidsskriftet Dagny Dagny i Frankrike er ein fransk kommune

Kjelder

Kategori:Kvinnenamn Kategori:Førenamn av norrønt opphav Kategori:Namn knytte til tid