Samtidspartiet er eit norsk muslimsk orientert politisk parti stifta i 2009.
Historie Partiet vart stifta i 2009 som Independent Labour Party, men vart etter kort tid tvunge til å skifte namn av di det kunne forvekslast med Arbeiderpartiet. Namneskiftet skjedde i juni same året. Partiet stilte til val for første gong ved valet i 2009 i Oslo.
Politisk plattform Partiet er leia av den norsk-pakistanske Ghuffor Butt. Politiske mål for partiet er å senke bensinprisen, bilavgifter og skattar. På grunn av fokuset på å senke skattar og bilavgifter har partiet blitt kalla eit «FrP for innvandrarar». Andre mål for partiet er å tillate bruk av hijab i politiet, å opprette muslimske skular og sjukeheimar, gjere familiegjenforeining lettare tilgjengeleg og statsfinansiere imamar og bygging av moskear.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Samtidspartiet» frå , den 13. september 2009, som i sin tur bygger på «Contemporary Party» frå
Kategori:Skipingar i 2009 Kategori:Norske politiske parti