mini|Ordet «hangul» skrive ved hjelp av det koreanske alfabetet hangul. Det vert lese frå venstre mot høgre frå toppen og ned. Hangul (eller hangeul, 한글) er eit fonetisk koreansk alfabet. Det blir brukt for å skrive koreansk i både Nord-Korea og Sør-Korea, men i einskilde samanhengar blir det komplettert i Sør-Korea med kinesiske skriftteikn i form av hanja. Det er verdas einaste tilrettelagde og hyppig brukte fonetiske skriftspråk som med vilje er utforma slik at det skal vere enkelt å forstå: Som i indiske skriftspråk, blir konsonantane i hangul klassifisert etter kor i munnen dei skal uttalast, men hangul går eit skritt vidare, ved at teikna òg representerer eit skjematisk oppsett av korleis tunga og munnen skal posisjonerast for å uttale lyden. ㄱ [k] representerer at tunga er pressa opp mot ganen (symbolet viser tunga "sett frå venstre"), medan ㅋ [kʰ] i tillegg har ein strek som viser aspirasjon.

Sjølv om hangul er kjent for å vere fonetisk korrekt, er det, på grunn av endringar som har skjedd i språket etter at alfabetet vart laga, ikkje lenger heilt slik. Ein person som lærer seg å lese hangul er nøydd til å lære seg ei rekkje assimilasjonsreglar. Einskilde lydar som i litt eldre koreansk var ulike, slik som 애 (ae) og 에 (e), blir uttalt av mange koreanarar i dag (spesielt yngre koreanarar) heilt likt, og dette er ei utfordring for utlendingar som lærer språket, sidan ein kan lese skilnaden, men ikkje høyre skilnad, og difor må ein kunne skilnaden i skrift viss ein skal skrive ned nye ord.

Ved translitterasjon av koreansk nyttar Nord-Korea offisielt McCune-Reischauersystemet. I 2000 gjekk Sør-Korea over til å nytte ei revidert romanisering.

Hanguldagen blir markert den 9. oktober i Sør-Korea og 15. januar i Nord-Korea.

Teikna i alfabetet Konsonantar I tabellen står konsonantane med tre ulike system: McCune-Reischauer- (MR), Yale- og den såkalla reviderte romaniseringa (RR), som er tilrådd av det sørkoreanske kultur- og turismedepartementet.

Bokstav Fonem Namn (Nordkorea) MR Yale RR Skrivemåte k / g k g / k 90px|Skrivemåte k n n n 90px|Skrivemåte n t / d t d / t 125px|Skrivemåte t r / l l r / l 165px|Skrivemåte l m m m 140px|Skrivemåte m p / b p b / p 175px|Skrivemåte p s s s 120px|Skrivemåte s (/Ø/) – / ng – / ng – / ng 110px|Skrivemåte ng ch / j / t c j / t 150px|Skrivemåte ʦ // ch’ / t ch ch / t 170px|Skrivemåte ʦʰ // k’ / k kh k 90px|Skrivemåte kʰ // t’ / t th t 150px|Skrivemåte tʰ // p’ / p ph p 170px|Skrivemåte pʰ h / – h h / – 150px|Skrivemåte h // kk / k kk kk / k // tt / t tt tt / t // pp / p pp pp / p // ss / t ss ss / t // cch / t cc jj / t

Dette er rekkjefølgja og nemningane i Nord-Korea.

Bokstaven blir berre ført som ved slutten av ei staving i denne rekkjefølgja; ord der han fungerer som vokalberar i byrjinga av stavinga, blir plasserte sist i alfabetet under vokalane. I Nord-Korea er bokstavnemningane fonologisk heilt regelrette /CC/, der C står for den aktuelle konsonanten. Nokre bokstavar har andre nemningar i Sør-Korea, som går attende til Ch’oe Sejin (sjå nedanfor): ‹k› heiter , ‹t› og ‹s› .

Dei dobla teikna for å gje att dei spente (augmenterte) konsonantane vart tidlegare i heile Korea kalla ( ) «tjukk, sterk»Wilfried Herrmann, Chŏng Chido: Lehrbuch der modernen koreanischen Sprache. Buske, Hamburg 1994, ISBN 3-87548-063-5, S. 25.; i Nord-Korea blir dei framleis kalla dette, medan dei i Sør-Korea no blir kalla ( / «dobbel»): , osv.). I Sør-Korea finst det fleire vanlege alfabetiske rekkjefølgjer, som alle byggjer på dette skjemaet:

() () () () () ‹› (‹›) ‹› ‹› (‹›) ‹› ‹› ‹› (‹›) ‹› (‹›) ‹›/‹Ø› ‹› (‹›) ‹› ‹› ‹› ‹› ‹›

Teiknet blir då alltid ført i denne rekkjefølgja, anten det står for /ŋ/ eller berre tener som vokalberar i byrjinga av stavinga. Om eit konsonantteikn er dobla eller ikkje i byrjinga av eit ord, blir ignorert i sorteringa; ved elles likt uttala ord blir ordet med dobbeltkonsonantteiknet sett etter. Dobbeltkonsonantteikn og konsonantkombinasjonar ved slutten av ordet blir anten ignorerte eller sorterte særskilt, i denne rekkjefølgja:

‹› ‹› ‹› ‹› ‹› ‹› ‹› ‹› ‹› ‹› ‹› ‹› ‹› ‹› ‹› ‹› ‹›

Konsonantkombinasjonar ved slutten av ei staving blir kalla «underlag» ( ), til dømes eller for ‹lk› .Samuel E. Martin: Reference Grammar of Korean. A Complete Guide to the Grammar and History of the Korean Language. Tuttle Publishing, 2006, S. 21 f. Vokalar Bokstav Fonem McC-R Yale RR Skrivemåte / a a a rammelaus|100px|Skrivemåte a / ya ya ya rammelaus|130px|Skrivemåte ya / ŏ e eo rammelaus|85px|Skrivemåte ə / yŏ ye yeo rammelaus|130px|Skrivemåte yeo / o o o rammelaus|140px|Skrivemåte o / yo yo yo rammelaus|160px|Skrivemåte yo / u wu u rammelaus|140px|Skrivemåte u / yu yu yu rammelaus|160px|Skrivemåte yu / ŭ u eu rammelaus|100px|Skrivemåte ŭ / i i i rammelaus|75px|Skrivemåte i / ae ay ae rammelaus|120px|Skrivemåte ɛ / yae yay yae rammelaus|150px|Skrivemåte yae / e ey e rammelaus|130px|Skrivemåte e / ye yey ye rammelaus|150px|Skrivemåte ye / oe oy oe / ue wi wi / ŭi uy ui / wa wa wa / wŏ we wo / wae way wae / we wey we Framstilling av stavingar

Framlyd: [ʦʰo.səŋ] / Kjerne: [ʦuŋ.səŋ] / Utlyd: [ʦoŋ.səŋ] / Dei einskilde bokstavane blir sette saman til blokker som kvar svarar til ei staving. Blokkene har form som eit oppreist rektangel, som reint ytre liknar på forma til dei kinesiske skriftteikna. I kvar skriven staving er det tre posisjonar: framlyd, kjerne og utlyd. I stavingar som byrjar med ein vokal, blir framlydposisjonen fylt med teiknet . Den andre posisjonen blir fylt med ein vokal- eller diftongbokstav. Den tredje posisjonen blir anten fylt med éin konsonantbokstav (sjeldnare to) eller står tom.

Dei skrivne stavingane blir sette saman på ulike måtar, avhengig av forma på bokstavane. Bokstavane endrar kvar for seg litt på forma når dei blir sette saman, slik at stavinga om lag passar inn i ein kvadrat.

Framlydskonsonantar

Ved ‹› og vokalteikna som er avleidde av dette, står teiknet for framlydskonsonanten til venstre.Døme – ‹›, ‹›, ‹›:

‹›, ‹›, ‹›

Ved ‹› og vokalteikna som er avleidde av dette, står teiknet for framlydskonsonanten øvst.Døme – ‹›, ‹›, ‹›:

‹›, ‹›, ‹›

Ved diftongteikna, som har både ein lang vassrett og ein lang loddrett strek, står teiknet for framlydskonsonanten øvst til venstre.Døme – ‹›, ‹›, ‹›:

‹›, ‹›, ‹›

Utlydskonsonantar Teikna for utlydskonsonanten står under.Døme – ‹›, ‹›, ‹›:

‹›, ‹›, ‹›

Kjelder

Delar av denne artikkelen bygger på «Koreanisches Alphabet» frå , den 4. oktober 2026.

Kategori:Koreansk språk Kategori:Alfabet