Lillian og Lilian er kvinnenamn av engelsk opphav, danna som utvida former av Lilly. Dette er igjen eit kjælenamn for Elizabeth. Lillian har namnedag den 16. september i Noreg og den 6. september i Sverige.

Det finst fleire variantar av namnet, som Liliane, Liliana og Liljana. Lilias er ei skotsk from. Kortformer av Lillian er Lill, Liana og den tilbakedanna forma Lilly.

Bruk Lilly er eit vanleg namn i Sverige, der det blei innført frå Storbritannia på 1800-talet. Det var også mykje brukt på norske jentebarn først på 1900-talet.

Namneberarar Lillian Gish (1896-1993), amerikansk filmskodespelar Lillian Clausen Mangerøy (1940-2016), norsk forfattar Lillian Board (1948-1970), britisk idrettsutøvar Lillian Müller (f. 1951), norsk-amerikansk skodespelar Lillian Hansen (f. 1957), norsk politikar

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Lilly» frå , den 15. september 2009.

Kategori:Kvinnenamn Kategori:Engelske førenamn