Ibisfamilien, Threskiornithidae, omfattar 32 artar av store vassfuglar, med to undergrupper, ibisar og skeistorkar. Medlemmene av familien har lange, breie venger med 11 handsvingfjør og rundt 20 armsvingfjør. Dei er gode flygarar og dessutan dyktige til å glideflyge. Kroppen har ein tendens til å vere langstrakt, halsen og beina er lange. Nebbet er langt, hos ibisar nedoverbøygd, men hos skeistorkar rettpeikande og karakteristisk flatt. Dette er store fuglar, men berre mellomstore blant fuglane i ordenen storkefuglar. Storleiken varierer frå olivenibis, Bostrychia olivacea, på 45 cm og 450 gram, til kjempeibis, Thaumatibis gigantea, 100 cm og 4,2 kg.
mini|venstre|Kvitibis, Eudocimus albus mini|høgre|Raudibis, Eudocimus ruber Dei er distribuerte over nesten heile verda, og finst nesten kvar som helst av område med stilleståande eller sakteflytande ferskvatn eller brakkvatn. Ibisar finst dessutan i tørrare område, òg på avfallsplassar utanfor byar. Alle artane er aktive på dagtid, nyttar dagen til å samle føde på eit breitt spekter av virvellause dyr og små virveldyr. Ibisar søkjer med nebbet i blaut jord eller søle, skeistorkar svingar nebbet frå side til side i grunt vatn. Dei kviler om natta i tre nær vatn. Dei er selskaplege, et, kviler og flyg saman, gjerne i formasjon.
Ibisar er kolonihekkarar, skeistorkar hekkar oftare i små grupper eller enkeltvis. Begge grupper byggjer nesten alltid reir i tre som heng over vatn, men nokon gonger på øyar eller småøyar i sumpar. Vanlegvis byggjer hofuglen ein solid reirstruktur av siv og pinnar som hannfuglen skaffar. Typisk storleik på kull er 2 til 5; klekkinga skjer asynkron. Begge kjønna rugar på skift, og etter klekking fôrar dei ungane med oppgulp av matdelar. To eller tre veker etter klekking, treng ikkje ungane lenger varme frå foreldra og kan forlate reiret, men returnerer å bli mata av foreldra.
Artslista Ibisar og skeistorkar i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.8 frå august 2013 med norske namn etter Norske navn på verdens fugler. Slekt Eudocimus Kvitibis, Eudocimus albus, White Ibis, LC, Linné, 1758 Raudibis, Eudocimus ruber, Scarlet Ibis, LC, Linné, 1758
Slekt Plegadis Bronseibis, Plegadis falcinellus, Glossy Ibis, LC, Linné, 1766 Kvitgrimeibis, Plegadis chihi, White-faced Ibis, LC, Vieillot, 1817 Punaibis, Plegadis ridgwayi, Puna Ibis, LC, Allen, 1876
Slekt Lophotibis Madagaskaribis, Lophotibis cristata, Madagascar Ibis, NT, Boddaert, 1783
Slekt Cercibis Langhaleibis, Cercibis oxycerca, Sharp-tailed Ibis, LC, Spix, 1825
Slekt Mesembrinibis Grønnakkeibis, Mesembrinibis cayennensis, Green Ibis, LC, Gmelin, 1789
Slekt Phimosus Raudmaskeibis, Phimosus infuscatus, Bare-faced Ibis, LC, Lichtenstein, 1823
Slekt Theristicus Gråibis, Theristicus caerulescens, Plumbeous Ibis, LC, Vieillot, 1817 Gulhalsibis, Theristicus caudatus, Buff-necked Ibis, LC, Boddaert, 1783 Patagoniaibis, Theristicus melanopis, Black-faced Ibis, LC, Gmelin, 1789
Slekt Threskiornis Heilagibis, Threskiornis aethiopicus, Sacred Ibis, LC, Latham, 1790 Orientibis, Threskiornis melanocephalus, Black-headed Ibis, NT, Latham, 1790 Australibis, Threskiornis moluccus, Australian Ibis, LC, Cuvier, 1829 Stråibis, Threskiornis spinicollis, Straw-necked Ibis, LC, Jameson, 1835
Slekt Pseudibis Raudvorteibis, Pseudibis papillosa, Red-naped Ibis, LC, Temminck, 1824 Blånakkeibis, Pseudibis davisoni, White-shouldered Ibis, CR, Hume, 1875 Kjempeibis, Pseudibis gigantea, Giant Ibis, CR, Oustalet, 1877
Slekt Geronticus Skalla ibis, Geronticus eremita, Waldrapp, CR, Linné, 1758 Raudkroneibis, Geronticus calvus, Bald Ibis, VU, Boddaert, 1783
Slekt Nipponia Japanibis, Nipponia nippon, Crested Ibis, EN, Temminck, 1835
Slekt Bostrychia Olivenibis, Bostrychia olivacea, Olive Ibis, LC, Du Bus De Gisignies, 1838 Flekkibis, Bostrychia rara, Spot-breasted Ibis, LC, Rothschild, Hartert & Kleinschmidt, 1897 Hadadaibis, Bostrychia hagedash, Hadada Ibis, LC, Latham, 1790 Flikibis, Bostrychia carunculata, Wattled Ibis, LC, Rüppell, 1837
Slekt Platalea Skeistork, Platalea leucorodia, Eurasian Spoonbill, LC, Linné, 1758 Kongeskeistork, Platalea regia, Royal Spoonbill, LC, Gould, 1838 Afrikaskeistork, Platalea alba, African Spoonbill, LC, Scopoli, 1786 Kinaskeistork, Platalea minor, Black-faced Spoonbill, EN, Temminck & Schlegel, 1849 Gulnebbskeistork, Platalea flavipes, Yellow-billed Spoonbill, LC, Gould, 1838 Rosenskeistork, Platalea ajaja, Roseate Spoonbill, LC, Linné, 1758 Kjelder Denne artikkelen bygger dels på «Threskiornithidae» frå , den 22. september 2009
Bakgrunnsstoff Videoar med ibisar og skeistorkar hos Internet Bird Collection
Kategori:Pelikanfuglar *