Kaland skole er ein barneskule på Kalandseid i Fana i Bergen kommune. Skulen her vart oppretta i 1861 og han fekk eige skulehus i 1893. Ei ny tomt vart skilt ut til nytt skulebygg i 1916 og i 1925 stod ein ny, påbygd skule klar.
Heilt ny skulebygning kom til i 1964, teikna av Øyvin Lien. Den gamle skulebygningen vart då klubbhus for Kalandseid idrettslag som har fotballbane like ved.
I 1996 vart det føreteke vidare utbygging og siste tilbygg stod ferdig i 2003.
Bakgrunnsstoff Heimeside
Kjelder
Kategori:Skular i Fana Kategori:Barneskular i Bergen