Aleksandr Aleksandrovitsj Zinovjev () var ein internasjonalt kjend logikar, sosiolog og forfattar frå Russland.

Han var son av ein fattig russisk bonde og utmerkte seg som jagarpilot under den andre verdskrigen og seinare som forskar. Han vart professor og internasjonalt anerkjend innan feltet logikk. Etter dette ofra han frivillig samfunnsstatusen sin i 1970-åra med kritiske utsegner mot det politiske systemet i Sovjetunionen og vart til slutt send i eksil i 1978 for romane sine Gapende høyder (1977, omsett til norsk 1982) og Den lyse fremtid (1978, omsett til norsk 1980). Han heldt fram å utvikle ideane sine om samfunnet og la dei fram i forfattarskapen sin. Han skapte sin eigen originale sjanger, sosiologisk roman.

Han kom tilbake til Russland i 1999 etter 21 år i eksil, men var kontroversiell. Mellom anna støtta han Slobodan Milošević og såg på Josef Stalin som eit av dei største menneska i historia.Независимая Газета http://www.peoples.ru/art/literature/prose/roman/alexander_zinoviev/

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Aleksandr Zinovyev» frå , den 29. september 2009. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Ein nekrolog Måleri og karikaturteikningar av Zinovjev Zinovjev om ein tredje verdskrig Zinovjev om Vladimir Putin

Kategori:Filosofar på 1900-talet Kategori:Folk frå Kostroma oblast Kategori:Russiske filosofar Kategori:Russiske forfattarar Kategori:Sovjetiske dissidentar