Noregs handelshøgskole (NHH) er ein vitskapleg høgskule som underviser og forskar i økonomiske og adminstrative fag. Skulen ligg i Bergen og har i underkant av 3000 studentar og om lag 300 tilsette.

Tidlegare gav eit fireårig studium ved NHH graden Siviløkonom. Etter innføringa av Kvalitetsreforma er no undervisninga delt inn i eit treårig bachelor-studium og eit toårig master-studium. I tillegg underviser NHH på PhD-nivå (doktorgrad). Skulen har også studier for dei som ønskjer å bli statsautorisert revisor, og arrangerer translatør-eksamen.

NHH sin seksjon for etter- og vidareutdanning tilbyr m.a. fleire Executive MBA-studiar med ulike spesialiseringar.

Saman med Samfunns- og Næringslivsforskning AS (SNF) og Administrativt Forskningsfond (AFF) utgjer Noregs handelshøgskole det som vert omtalt som NHH-miljøet.

Personar i leiinga Per Ivar Gjærum - Rektor Ragnar Fagereng - Administrerande direktør

Kjende personar med band til NHH Tilsette Karl H. Borch Finn E. Kydland - Nobelprisvinnar i økonomi, Professor II ved NHH Victor D. Norman - Tidlegare statsråd, professor og tidlegare rektor ved NHH Agnar Sandmo Fridtjof Frank Gundersen - Tidlegare stortingsmann. Professor II ved NHH. Thore Johnsen, professor ved NHH Christine B. Meyer, professor ved NHH Ole Myrvoll, tidlegare ordførar i Bergen og professor ved NHH

Tidlegare studentar Kristin Clemet - Undervisningsminister i Kjell Magne Bondevik si andre regjering Kristin Krohn Devold - Forsvarsminister i Kjell Magne Bondevik si andre regjering Jan Erik Langangen Helge Lund - Direktør i Statoil Inge K. Hansen - Aker Kvaerner Finn Jebsen - Orkla Idar Kreutzer - Storebrand Jens Ulltveit Moe - NHO Jo Nesbø - Musikar og forfattar Thorolf Rafto - Menneskerettsforkjempar Knut Vollebæk - Ambassadør i USA Svein Aaser - DnB NOR

Andre Kristofer Lehmkuhl - Pådrivar for opprettinga av høgskulen, statsråd i Christian Michelsen si regjering.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Samfunns- og Næringslivsforskning AS Administrativt Forskningsfond

Kategori:Høgskular i Noreg Kategori:Utdanning i Bergen Kategori:Skipingar i 1936 Kategori:Noregs handelshøgskole