Gross Fiescherhorn er eit fjell på 4049 meter i Bern-Alpane i Sveits. Nær ved ligg det litt lågare Hinter Fiescherhorn (4025 m). Frå nord ligg begge fjelltoppane i skjul bak andre fjell. Lettast å sjå er dei frå landsbyen Grindelwald (1034 m).
Klatresoge Fjelltoppen vart klatra fyrste gongen den 23. juli 1862 av H. B. George og Adolphus Moore, saman med fjellførarane Christian Almer og Ulrich Kaufmann. Turen gjekk langs sørvestegga, det som i dag er normalruta.
Nordsida av fjellet vart klatra i 1926. 13. august det året nådde W. Amstutz og P. von Schumacher toppen etter ei 15-timars oppstiging langs nordegga, nordgrensa av Fiescherwand.
Fyrste direkteruta opp Fiescherwand vart klatra av W. Welzenbach og H. Tillmann i 1930. Klatrarane starta oppstiginga av Fiescherwand om morgonen 5. september. Dei valde å klatre ei rute som gjekk rett mot toppen. Toppen nådde dei i kveldinga, etter ei oppstiging som varde i 12 timar.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Gross Fiescherhorn» frå , den 7. oktober 2009.
Bakgrunnsstoff Gross Fiescherhorn på SummitPost Gross Fiescherhorn (Die Viertausender der Alpen)
Kategori:Fjell i Alpane Kategori:Fjell i Sveits Kategori:Fjell i Bern Kategori:Bern-Alpane