mini|Bilete av Hedvig av Polen frå 1400-talet. Hedvig og Hedwig er kvinnenamn av gammalhøgtysk opphav. Hedvig har namnedag i Noreg, Sverige og Danmark den 15. oktober.
Det gammalhøgtyske namnet Haduwig er danna av hadu, 'kamp' og wig, 'strid'. Dei same orda finst på norrønt som hǫð og víg. Hadhui er ei eldre tysk form av namnet, medan Hedevi og Hedewig er eldre svenske former. Helvi er ei finsk form, Hedvika tsjekkisk og slovensk. Edvige er ei italiensk og Jadwiga er ei polsk namneform. Hedda, Hedy og Jadzia er kortformer.
Namneberarar Heilage Hedvig av Polen (1374-1399), polsk regent 1384–1399 Hedvig av Holstein (1398-1436), tysk adeleg Hedvig Jagellonica (1457-ca. 1505), polsk prinsesse og hertuginne av Bayern-Landshut Hedvig Sophie av Brandenburg (1623-1683), tysk adeleg Dronning Hedvig Eleonora av Sverige (1636–1715) Prinsesse Hedvig Sofia av Sverige (1681–1708) Hedvig Charlotta Nordenflycht (1718–1763), svensk forfattar Hedvig Elisabet av Sverige og Noreg (1759-1818), norsk-svensk dronning Hedevig Christine Paus (1763-1848), mormor til Henrik Ibsen Hedvig Lund (1824–1888), norsk målar Hedvig Bjelkevik, (f. 1981) norsk skøyteløpar
Annan bruk Hedvig er namnet på ein av personane i stykket Vildanden av Henrik Ibsen. Hedwig eller Hedvig er også namnet på ugla til trollmanneleven Harry Potter av J.K. Rowling. Hedvig Eleonora församling er eit sokn i Stockholm.
Kjelder
Delar av denne artikkelen bygger på «Hedvig» frå , den 14. oktober 2009.
Kategori:Kvinnenamn Kategori:Førenamn av gammalhøgtysk opphav Kategori:Tyske førenamn Kategori:Namn knytte til strid